På kirkebakken nr 1 2015 - page 2

Så nærmar den seg igjen. Påska. Den
store høgtida. Navet i den kristne trua.
Høgtida der alt samlar seg.
Og påska har alltid vore mi høgtid.
Den har alltid bevega meg . Og sam-
stundes kjenner eg ein sterk motstand
mot å gå inn i den. Kanskje fordi det
ikkje finst nokon snarvegar i påska. Det
er umogeleg å gå inn i den utan å stå
ansikt til ansikt med einsemd, svik og
smerte. Men også med kjærleik.
Under Peterskyrkja i Roma, djupt
nede i jorda, finn vi nokre av dei eldste
kristnegravene vi kjenner til. Der har arkeo-
logar grave ut små gravkammer, laga i
murstein, frå så tidleg som år 130 e. Kr.
Det er mogeleg å gå ned dit, i tronge,
underjordiske gangar. Og på veggane
i nokre av desse gravkammera finn vi
eit symbol, laga i mosaikk. Den som har
gått rundt på kyrkjegarden ute på Veøya
vil ha sett det same symbolet på nokre
av gravsteinane der ute. Det er nemleg
ein sommarfugl. Symbolet på forvand-
ling. Larven kapslar seg inne i eit skal,
men skjult for våre augo vert den for-
vandla. Og dette symbolet er altså brukt
i dei første kristne gravene, djupt nede
PÅ KIRKEBAKKEN
Utgis av Molde, Bolsøy, Røvik og Veøy,
Sekken og Kleive menigheter
Molde kirkelige fellesråd
Rådhusplassen 1
6413 Molde
Framsidebilde:
Konfirmanter 2015 i Molde domkirke
Foto: Gunnar Bergem
Redaksjonen
Anne Vik Pettersson (redaktør)
Eva Wentzel
Grethe Lystad Johnsen
E-post redaksjonen
Produksjon og trykk:
EKH Grafisk
Bergmo kirke solgt........................
3
Babysang i kirka ............................
4
Konfirmanter 2015........................
6
Vårens vakreste eventyr..............
7
Kirkefestuka.....................................
9
Bolsøy, Røvik, Veøy, Kleive
og Sekken sokn .............................
10
Molde domkirke.............................
12
Kirkevalget.......................................
13
Grønt tips .........................................
13
Friluftslivets år ................................
14
Tett på Finn Arild Fjøren .............
16
Innhold
i jorda under Peterskyrkja. Nesten som
om heile den enorme kyrkja kviler på
ein sommarfugl. På noko várt og lett og
dansande som bær bod om sommar. Og
det er akkurat som dei mørke gangane
som fører ned dit vert annleis når du har
vore der nede og sett denne sommarfug-
len. Litt på same måte som natta vert
heilt annleis når du har sett den første
stripa av lys i aust og veit at det nærmar
seg morgon. Og av og til tenkjer eg at
det er slik det er. At heile kyrkja kviler
på ein sommarfugl. På eit håp som gjer
at sjølv dei mørkaste gangane inne i
oss vert annleis. Og at dette håpet er
så sterkt at det er rissa djupt inn i sjølve
jorda under oss.
Denne spalta heiter perspektiv på
livet. Eg sjølv mister ofte perspektivet på
livet av syne. Men i påska vert eg kalla
attende. I møtet med den stille veka si
djupe einsemd og smerte er det som eg
botnar. At dette er noko grunnleggjande
menneskeleg. At eg slepp å førestille
meg. Og at først frå dette punktet kan
Gud gjere sitt verk i meg.
Det er akkurat som ein sommarfugl
byrjar å slå med vengjene, djupt under
kyrkja. For det verkar som Gud gjer sitt
verk nettopp i mørkret. I livmora. I puppa.
I grava. At det er slik han skaper oss.
Det er snart påske. Og i kyrkja skal vi
igjen feire det store mysteriet. Vegen går
gjennom smerta. Men den munnar ut i
den store og uventa gleda. Morgonen
som gryr. Sola som dansar. Dei første
tonane som stig mot himmelen, fuglane
som lettar i morgonsola, ein fiskestim
som glitrar i sjøen, snøfnugg som leikar
i motlys. For påska er ei rørsle frå død til
liv. Eit dansande lys som når heilt inn i
grava sitt mørker. Det er Gud sjølv som
gjer sitt mest grunnleggande verk. Og
berre ved å gå inn i smerta kan vi bli
forvandla.
Perspektiv på livet
Snart
påske
Ståle Aklestad
Kapellan
2
1 3,4,5,6,7,8,9,10,11,12,...16
Powered by FlippingBook