Paa kirkebakken nr 1 2018

Livet vant. Kva utsagn er eigentleg det? Vi kan vinne OL-medaljer i livet. Vi kan gjere ein innsats, skøyte og stake fort på ski, og så vinne. Gjere eit godt hopp, set- te utfor i stor fart, skøyte i gode rundar, og så vinne. Men LIVET vinn ikkje – gjer det vel? I livet kan vi vinne tid. Eg kan vinne tid ved å ta ein snarveg. Eg kan vinne tid ved å førebu meg på førehand. Men, det er ikkje livet som vinn? Livet er tid, og etter ei tid er det ikkje meir liv, eller? Møtet med døden kan vere brå og uventa, brutal. Den kan òg vere venta, førebudd og likevel uviss. Korleis var møtet med døden for Maria, mor til Jesus? Var ho førebudd? Var det venta? Var det brått og brutalt? Kva tenkte ho? Og kva kjensler hadde ho då ho mista sin førstefødde son? Nytt møtepunkt ............................. 3 Konfirmanter på gudstjeneste.. 4 Konfirmanter 2018........................ 6 Kyrkjebesøk på sørsida av Romsdalsfjorden............................ 7 Molde Soul Children..................... 7 Smånytt............................................. 9 Bolsøy, Røvik, Veøy, Kleive og Sekken sokn ............................. 10 Molde domkirke............................. 12 Sjelesorg til hverdags................... 13 Opplev påskenatt i kyrkja........... 13 Flyktningen som ble hjelpe- arbeider............................................. 14 Tett på Magne Furuseth ............. 16 Innhold For det var ved denne førstefødde at Livet vant! Denne sonen gjekk døden i møte, gjekk gjennom døden, og stod opp att tredje dag – eit uforståeleg mysterium. Dersom Maria og Gud sin son, Jesus Kristus, ikkje hadde gjennomført møtet med døden, hadde livet vorte utan vinning. Men han vant for oss alle, slik at våre liv vert evige i lag med han. Lat oss feire påske og synge: Livet vant, dets navn er Jesus, Halleluja! God påske! Livet vant Domkantor, Tone Synnøve Øygard Steinkopf PÅ KIRKEBAKKEN Utgis av Molde, Bolsøy, Røvik og Veøy, Sekken og Kleive menigheter Molde kirkelige fellesråd Rådhusplassen 1 6413 Molde www.molde.kirken.no kirken@molde.kommune.no Framsidebilde: Ill. bilde. Redaksjonen Anne Vik Pettersson (redaktør) Jan Erik Syvertsen Kristin Endresplass Ervik E-post redaksjonen annevikpettersson@gmail.com Produksjon og trykk: EKH Grafisk 2

RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=