på kirkebakken 4 2013 - page 2

2
I haust er det 12 år sidan eg vart
utnemnt til domprost i Molde. Når eg
avsluttar tenesta her i Molde og Møre
bispedøme søndag 29.september, så
avrundar eg med det mi offisielle teneste
i Den norske kyrkja. Som prest ser eg
no fram til andre tenester og oppgåver
dei komande åra. Slik sett avsluttar eg
ikkje, ordinasjonen og presten følgjer
meg. Prestetenesta er på ein måte ein
apostolisk stafett som vi gir vidare til
nye prestar og prostar. Ein stafett som er
forankra i kirka og menighetslivet. Det
er ein Jesus-stafett med evangeliet og
sakramenta, slik Jesus uttrykte det: «Slik
som min Fader sendte meg, sender jeg
dere…»
Eg begynte tidleg å synge i kyrkjer og
forsamlingar. Etter konfirmasjonsal-
deren vart det snart vikaroppdrag for
kyrkjetenar og klokkar. Det har skjedd
mykje med «presten i meg» dei siste 50
åra. Frå då eg var sommarklokkar for
sokneprest Monrad Norderval i Åle-
sund og folk lo og gret om kvarandre i
den frodige gudstenesta. Eg gløymer
ikkje dei mange som stod i kø nedover
midtgangen i Ålesund kirke for å få ein
prat og litt trøyst med den seinare så
velkjende «ishavsbispen». Og til eg no
med undring tenkjer å skulle avslutte mi
offisielle teneste i kyrkja vår og kunne
gjere andre tenester og oppgåver.
Det skal også innrømmast: det har vore
krevjande å «levere» heile tida, skape og
forme, i møte med bibeltekstane, med
teologien og med dei mange forskjellige
kyrkjelydane, i glede og i sorg, i høgtid
og på kvardagane. Men det har også
PÅ KIRKEBAKKEN
Utgis av Molde, Bolsøy, Røvik og Veøy,
Sekken og Kleive menigheter
Prosjektkoordinator
Molde kirkelige fellesråd
Rådhusplassen 1
6413 Molde
Redaksjonskomitè
Anne Vik Pettersson (redaktør)
Jan Erik Syvertsen
Randi Marie Solbakken
E-post redaksjonen
Grafisk utforming
KORN reklamebyrå
Forsidefoto
Markus Kjørsvik (t.v.), Gunnar Bergem
og Mirjam Barlaup. Foto: Finn Arild
Fjøren
Produksjon og trykk:
EKH Grafisk
Grønne menigheter
3
SubUrban flytter til domkirka
4
En viktig helg for meg
6
Kirkekalender
8
Molde domkirke
9
Bolsøy sokn
10
Kleive og Sekken sokn
11
Røvik og Veøy sokn
13
Liten kanal med stort
budskap
15
Tett på
Gunnar Bergem
16
Perspektiv på livet
Innhold
Øystein Bjørdal
Domprost
vore inspirerande og berikande på så
mange måtar.
Det pastorale nærver i folks kvardag,
i kultur, samfunnsliv og kyrkjeliv kal-
lar like mykje på pensjonerte og andre
prestar, som dei i faste stillingar. Eg har
både glede over og nød for nådemiddel-
forvaltinga i kyrkja vår. Som Jesu Kristi
Kyrkje må vi gjere oss meir synlege og
tilgjengelege for folk både i kvardag og
høgtid. Det er veldig vestentleg for ei
folkekyrkje. Det har vore mitt pastorale
prosjekt, og det vonar eg å få halde fram
med.
Takk for fellesskap og samarbeid i
domkirke og domprosti. Takk for tillit og
medvandring i livets bakkar og svingar.
Det fine med pilegrimsvegen er både ve-
gen og målet. Og undervegs oppmodar
Det nye testamente oss om å «halde ut i
det løpet som ligg framfor oss med blik-
ket festa på Jesus, trua sin opphavsmann
og fullendar» (Hebrearbrevet 12,2)
Slik sommin Fader sendte meg,
sender jeg dere,
Å så og å plante det andre skal høste,
å gi og å tilgi,
Å løfte og bære, å lege og pleie,
å åpne en dør til Guds rike
Slik sommin Fader sendte meg,
sender jeg dere,
På ukjente veier, min lengsel skal lede,
min Ånd dere følger,
Til enden av veien, der Faderen venter og
bordet er duket til festen
(Salmer 1997 nr. 173)
Slik som min Fader sendte
meg, sender jeg dere…
1 3,4,5,6,7,8,9,10,11,12,...16
Powered by FlippingBook