Nesset kommune aarsrapport 2017
77 RÅDMANNENS STAB Viktige saker: • Ny valgordning for UKS vedtatt av Nesset kommunestyre. • Kommunereforma med deltaking på felles ungdomsrådsmøte med Mid sund og Molde • Ungdomsdebatten i januar om ny kommune og jobbmuligheiter. • To utsendingar til Ungdommens fyl kesting. • UKS arrangerer ski-buss til Oppdal i Mars. Nesset frivilligsentral Det er etablert ei rekke faste aktivitetar som babytreff, leksehjelp, oppmøteplass for Aktiv på dagtid, strikketreff m.m. Minst ein gong pr. år er det frivillig forum med ulike tema. Gratis møterom og kontor for lag og foreiningar. Utstyrspoolen med gratis uleie av fritidsutstyr. Gratis-butikk med barne- og ungdomsklede og andre se songbaserte varer. Det er gode erfaringar med samlokalisering av vaksenopp læringa og ungdomsklubben. Lokala og uteområda til frivilligsentralen blir brukt av fleire lag og foreiningar til møter og aktivitet. Til dømes har Nesset speidargruppe sine møter her. Frivilligsentralen har tilsett dagleg leiar og har eit styre som består av represen tantar frå brukarar, frivillige, admini strasjon og ein person valt frå Utval for oppvekst og kultur. Utvalet er årsmøte for frivilligsentralen. Økonomi er lagt inn under kulturområdet i kommunen. Ungdomsklubben Ungdomsklubben har utvida aktiviteten siste halvåret ved hjelp av prosjektmidlar frå BUF-dir med formål å bekjempe bar nefattigdom og utjamne sosiale ulikhei ter. Gjennom dette prosjektet har ein fått fleire ressursar m.a. til å tilsette ekstra ungdomsarbeidar og kunne ha ope to kveldar i veka. Dette har gjeve gode resultat i at oppmøtet av ungdommar har auka og er no oppe i mellom 20 og 30 på faste opningsdagar. Ein har vore aktiv med å skaffe eksterne midlar til små og større prosjekt som har gjeve mogelegheiter for å kjøpe inn utstyr og skape aktivitet i ungdomsklub ben. Medrekna midlane til ungdomspro sjektet har ein i 2017 skaffa i alt kr 262 000 i eksterne midlar som har komme ungdommen til gode. Vi håper å kunne halde oppe denne positive ut viklinga også framover. Kulturmidlar til idrett, lag og foreiningar Det frivillige arbeidet er limet i kultur arbeidet. Lag og foreiningar skaper aktivitet og gode møteplassar i nærmil jøet. Nesset idrettsråd er eit viktig organ for koordinering og kompetanse til idrettsarbeidet i kommunen. Idrettsrådet bidrar m.a. i rullering av handlingsplan og fordeling av midlar til oppkøyring av skiløyper. Idrettsrådet sørgjer for ut deling av lokale aktivitetsmidlar (LAM). Årets idrettspris blir kvart år delt ut av idrettsrådet under Eidsvågdagene. Spelemidlar I 2017 vart det sendt inn ti søknader om spelemidlar til anlegg, hus og område for idrett , fysisk aktivitet og kultur. Søknad ene fordeler seg godt i ulike delar av kommunen. I alt er det i 2017 gjeve tilsegn om kr 3 648 000. Inkludert her er siste del til Nessethallen og til friidrettsanlegget ved Eresfjord stadion som er ferdig. Alle dei andre søknadene er godkjente , men må stå på vent for tildeling. Ungdomsmidlar 2017 Formål/tiltak tildelt Nesset ungdomsklubb Biljardbord / Tur til Bowling el. go-cart. 2000 Gussiås bygdelag Vekter til treningsrommet 4000 Eresfjord og Vistdal fotballklubb «3 mot 3 fotball» 2 stk. utstyr og baner 6000 Ørn 4H (Vistdal) Bordtennis-bord 3000 Sum 15 000 Fordeling av allmenne kulturmidlar i 2017 Bygdalag og hus 31 000 Idrettslag 45 000 Skyttarlag 5 000 Sang og musikk 18 000 Ungdomslag 16 000 Religiøse lag 5 000 Øvrige 12 000 Løypekjøring 18 000 Sum 150 000 Stolte ordførere og rådmenn feirer åpning av Nessethallen. F.v. Liv F. Husby, Kasper Mittet, Anne Grete Klokset, Rigmor Brøste, Ola Tjelle og Britt Rakvåg Roald. Borgstua på Nesset prestegard får eit strøk linoljemaling. Foto: Bjørn Ølander
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=