Nesset kommune aarsrapport 2017

78 NESSET KOMMUNE // ÅRSRAPPORT 2017 Kommunale anlegg for idrett, fysisk aktivitet og kultur. Det er stor fotballaktivitet i Nesset. Kommunen eig og driftar kunstgras­ banen ved Eidsvåg barne- og ungdoms­ skole. Kommunen har òg ansvar for uteanlegga ved alle skulane som også fungerer som park-, aktivitets- og leike­ område utanom skuletida. Andre anlegg som lysløyper og liknande er eigd av idrettslaga som legg ned eit stort arbeid med vedlikehald og drift av desse. Nessethallen Nessethallen stod ferdig og vart innvigd med stor fest 31. mars 2017. Grunn­ skulen brukar hallen til kroppsøving, og mange treningsgrupper frå idrettslag og andre har komme godt i gang med faste treningar. Det har komme til fleire nye aktivitetar etter at hallen vart teke i bruk. Mellom anna handball og innebandy. Reglement og ordensreglar for hallen er vedteke av Utval for oppvekst og kultur. Kulturminne og museum Kulturavdelinga har ansvar for forvalt­ ning av kulturminne i kommunen. Nesset prestegard er avdeling av Roms­ dalsmuseet. Kommunen og Romsdals­ museet deler kostnadene med stillinga som formidlar og vaktmeister. Alle bygningane på Nesset prestegard er freda og er eigd av Opplysningsvesenets fond (OVF). Kommunen har leigeavtale med OVF for alle bygningane bortsett frå hovudhuset. Det pågår forhandlingar med OVF om eigarforholda for preste­ garden og hovudhuset. Desse forhand­ lingane er ikkje sluttførte. Året 2017 syner nok eit år med stor ak­ tivitet på prestegarden. Nesset musikk­ fest gir ein fin auke i brutto besøkstal. Restaurering av steinomnen i eldhuset er ferdig og omnen er teke i bruk til brødbaking. Det er gode tilbod til barn og unge og eit bra marknad i bussgrup­ per. Eigne arrangement i regi av Nesset kommune og Romsdalsmuseet er godt besøkt, og sal av enkeltbillettar har auka. Samla er besøkstalet auka frå 5830 i 2016 til 6723 i 2017. Ein stor del av besøket er arrangement som Bjørnsonfestivalen og julemarkedet. Skuleklassar og grupper representerer og gode tal. Det har vore tolv eigne ar­ rangement i 2017 Samarbeidet med Romsdalsmuseet in­ kluderer og Tverrberghytta ved Løypå­ Ungdommens kommunestyre i Nesset 2016-2017.

RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=