Nesset kommune aarsrapport 2017
79 RÅDMANNENS STAB vollen i Eikesdal. For helleristningane på Bugge gjeld skjøtselsavtale mellom Nesset kommune, MR fylke og Viten skapsmuseet i Trondheim og grunneigar på bnr. 1. Arbeid med å ruste opp til gjengelegheita på helleristningsfeltet er godt i gang og ein har starta arbeidet med å oppdatere skjøtselplanen. Folkebadet Bassenget på Eidsvåg barne- og ung domsskole er ope for publikum tre kveldar i veka frå haustferie til påske. Det er tilsett badevakt i 20% stilling. Ny badevakt vart tilsett hausten 2017. Det er i tillegg avtale med ei foreldregruppe på ungdomstrinnet ved Eidsvåg barne- og ungdomsskole om frivillige badevakter. Folkebadet er eit fint folkehelsetilbod som er viktig for mange, særleg for barn. Bjørnsonfestivalen Festivalen hadde ti arrangement i Nesset inkludert førestillingar for skule og bar nehage, samt gudsteneste i fjøset på Nesset prestegard. Samla besøkstal i Nesset var 408. Arrangementa for barnehage og skule blir godt mottatt og representerer knapt 200 av besøka. Som høgdepunkt kan ein nemne samtalen på prestegarden mellom den iranske advo katen Mohammad Mustafaei og Svein Sæter om sharialovene og førestillinga med Tore Renberg på litteraturcruiset. KOSTRA tal og kommentarar Det er utbetalt direkte tilskot til lag og foreiningar i alt kr. 193 000, inkludert kr 75 000 til Bjørnsonfestivalen. Det er i gjennomsnitt kr. 100 pr. innbyggar i kommunen. Resultatvurdering • Ein kan for 2017 summere opp nokre milepelar og positiv utvikling sett frå kulturavdelinga. Dette er gjennomført godt samarbeid og støtte på tvers av faggrupper og etatar: • Nessethallen er ferdig og vart opna med stor fest 31.mars 2017. • Nye organiserte aktivitetar har kom me i kjølvatnet av dette, som handball, innebandy og innandørs klatring. • Nessethallen har blitt den nye storstua der ein har arrangert store konsertar, store bygdamøte og dansegalla. • Nesset prestegard er eit stort aktivum for kulturlivet i kommunen. Arbeid med forhandlingar med OVF om framtidig eigarstruktur har pågått gjennom året. • Nesset folkebibliotek er i ferd med å bli ein god arena der ein har gjennom ført ungdomsdebatt, litteraturarrange ment og vidare planlegg debattkveld for seniorar. • Kulturavdelinga bidreg til intergering av busette flyktningar gjennom m.a. frivilligsentralen. • Ungdommens kommunestyre er enga sjert i organisering og etablering av ny kommune. • Ungdomsklubben Grotta har hatt ei fin utvikling. • Arbeid med kulturminneplan for Nesset kom godt i gang mot slutten av året. Økonomisk resultat Regnskap 2017 Regulert budsjett 2017 Opprinnelig budsjett 2017 Avvik fra regulert budsjett Avvik % Regnskap 2016 Kultur 4 105 395 4 250 000 4 015 000 144 605 3,4 3 899 097 Mindreforbruk i 2017 skuldast i hovudsak for høgt anslag på kostnader til kjøp av tenester for kulturskolen, inntekter frå eksterne tilskotsmidlar til ungdomstiltak og frivilligsentralen, auka inntekter på utleige av Fjøsen på Nesset prestegard, auke i billettinntekter og lavare lønnskostnader ved folkebadet. Nøkkeltall i enheten Årsverk Administrasjon, kulturleiar 1,0 Bibliotek inkludert innleigd i 30% 1,7 Kulturskole (pluss kjøp av tjeneste) 0,36 Frivilligsentral ungdomsklubb 1,0 Folkebadet 0,25 Museum – kjøp av tjeneste 0,5
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=