Nesset kommune aarsrapport 2017
99 ENHETENE Økonomisk resultat Indre Nesset ungdomsskule har eit mindreforbruk på kr 784 668 for 2017. Hovudårsakane til avvik på 7,1 % er: • Langtidsfråver i personalet og mang lande tilgang på kvalifiserte vikarar. • Ca. 30 % reduksjon i lærarstilling ved Eresfjord barne- og ungdomsskule med verknad f.o.m. 01.08.17. • Tildeling av «Tidleg innsats»-midlar frå staten kom langt ut i skuleåret og kunne vanskelig nyttiggjerast fullt ut. Skuleadministrasjonen har meldt tilbake til statlege myndigheiter om at tildeling til kommunane må kome tidlegare på året. Resultatvurdering Året 2007 har vore eit godt år for Indre Nesset barne- og ungdomsskule. Elevundersøkinga viser at elevane våre trivst godt. I tillegg er dei faglege resul tata gode. På dei nasjonale prøvene på 5.trinn, 8.trinn og 9. trinn presterer elev ane på eller over nasjonalt gjennomsnitt både i engelsk, lesing og rekning. Ein viktig indikasjon på om elevane våre har hatt god læringsutvikling gjennom dei ti åra i grunnskulen, er samla grunn skulepoeng etter avslutta 10. trinn. Dei siste åra har avgangselevane ved Indre Nesset barne- og ungdomsskule opp nådd grunnskulepoeng over nasjonalt nivå, og det same gjorde 10.trinnet våren 2017 då samla grunnskulepoeng vart 42 poeng (nasjonalt nivå 41 poeng). Elles er det viktig for Indre barne- og ungdomsskule at elevane har eit trygt skulemiljø, og at elevane har det godt på skulen. Vi har over fleire år satsa på skulepro grammet Zippys vener på 1.–4. trinnet. Det er eit program som har som målse tjing å lære barna å identifisere og snak ke om kjensler, meistre utfordringar og problem i dagleglivet, og å støtte andre som har det vanskeleg. Dette langsiktige arbeidet begynner vi no å sjå resultatet av m.a. ved at vi har høg trivsel, få kon fliktar og lite mobbing. I Elevundersøkin ga 2017 kjem det tydeleg fram at ingen elevar har opplevd mobbing så ofte som 2-3 gonger i månaden på skulane våre. Vidare er det positivt at elevane i un dersøkinga svarar tydeleg, at dei vaksne reagerer når nokon seier eller gjer noko ubehageleg mot ein elev på skulen. Fokuset for det skulebaserte utviklings arbeidet dette året har vore godt skule miljø. Ny skulemiljølov trådde i kraft 01.08.17, og PPT v/Trond Hansen Riise har gitt kompetansehevingsøkter til personalet både på skule- og på kom munenivå. I tillegg har Kunnskapsnett Romsdal revidert «Felles overordna system», - som har malar og prosedyrar for å oppfylle krava i Kapittel 9 om skulemiljø i Opplæringslova. Skulen vår har det siste året kome godt i gang med å oppdatere malar og prosedyrar i tråd med dette systemdokumentet. Skulen skal førebu elevane på deltaking i demokratiske vedtaksprosessar (Jf. Kunnskapsløftet), og vi må derfor leggje til rette for medverking. I løpet av dei siste åra har vi i større grad systemati sert elevrådsarbeidet vårt, og då er det gledeleg å sjå at elevane er nøgd med meir medverking. Positivt er det også at dei fleste av elevane i Elevundersøkinga svarar at skulen hører på forslaga dei kjem med. Økonomisk resultat Enhet Regnskap 2017 Regulert budsjett 2017 Opprinnelig budsjett 2017 Avvik fra regulert budsjett Avvik % Regnskap 2015 Indre Nesset barne og ungdomsskole 10 234 332 11 019 000 10 874 000 784 668 7,1 10 271 046 Rakettoppskyting i naturfagstimen på Vistdal skole. Elevane frå Vistdal øver på boge- skyting
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=