63301 Nesset aarsrapport 2018 flipbook

74 NESSET KOMMUNE // ÅRSRAPPORT 2018 Viktige saker: • Ungdommens miljøkrav • Skolehelsetenesta • Drøftingar omkring ny kommune og m.a. organisering av ungdomsråd • To representantar deltok på Ungdom- mens fylkesting i november Nesset frivilligsentral Det er etablert ei rekke faste aktivitetar som babytreff, leksehjelp, oppmøteplass for Aktiv på dagtid, strikketreff m.m. Minst ein gong pr. år er det frivillig­ forum med ulike tema. Gratis møterom og kontor for lag og foreiningar. Utstyrspoolen med gratis utleige av fritidsutstyr. Gratis-butikk med barne- og ungdomsklede og andre sesongbaserte varer. Det er gode erfar­ ingar med samlokalisering av vaksen- opplæringa og ungdomsklubben. Godt samarbeid med ulike foreiningar som Nesset bygdekvinnelag om kvinne­ gruppe, internasjonal dag m.v. Grotta ungdomsklubb Klubben har to faste opningskveldar kvar veke. Bemanninga er auka med 30% fast frå andre halvår 2018 med til saman er det no 50% stilling fordelt på to personar. I tillegg har ungdom- sklubben utvida aktiviteten ved hjelp av prosjektmidlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUF-dir) med formål å bekjempe barnefattigdom og utjamne sosiale ulikheiter. Med gode tiltak som turar og ekstra aktivitet ser ein resultat - f.eks. i at oppmøtet aukar. Mellom 20 og 30 møter opp på faste opningsdagar. Ein har vore aktiv med å skaffe eksterne midlar til små og større prosjekt som har gjeve mogelegheiter for å kjøpe inn utstyr og skape aktivitet. Medrekna midlane frå BUF-dir har ein i 2018 skaffa i alt kr 260 000 ekstra som har komme ungdommen til gode. Deler av dette blir fordelt på 2018 og 2019. Spelemidlar I 2018 vart det fornya åtte søknader om spelemidlar til anlegg, hus og område for idrett , fysisk aktivitet og kultur. Alle søknadene er godkjente tidlegare år, men må stå på vent for tildeling. Kommunale anlegg for idrett, fysisk aktivitet og kultur Kommunen eig og driftar Nessethallen og kunstgrasbanen ved Eidsvåg barne- og ungdomskole. Kommunen har òg ansvar for uteanlegga ved alle skulane og barnehagane som også fungerer som park-, aktivitets- og leikeområde på fri- tid. Andre anlegg som lysløyper, banar og forsamlingshus er eigd av lag og foreiningar som legg ned eit stort arbeid med vedlikehald og drift av desse. Kulturminne og museum Kulturavdelinga har ansvar for forvalt- ning av kulturminne i kommunen. Nesset prestegard er avdeling av Romsdals­ museet. Kommunen og Romsdalsmuseet Ungdommens kommunestyre 2018-2019. Ola Øverås, Håkon Aarstad, Milan Steinsvoll, Niklas Brakstad, Ingunn Nauste Hamre, Ingrid Steinsvoll, Shania Valåmo, Andreas Rød Rasmussen og Markus Hånes.

RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=