63301 Nesset aarsrapport 2018 flipbook
75 RÅDMANNENS STAB deler kostnadene med stillinga som formidlar og vaktmeister. Alle bygning ane på Nesset prestegard er freda og er eigd av Opplysningsvesenets fond (OVF). Kommunen har leigeavtale med OVF for alle bygningane bortsett frå hovudhuset. Rett før jul i 2018 vart det einigheit om at Romsdalsmuseet skal kjøpe hus og tunområdet på Nesset prestegard. Samarbeidet med Romsdalsmuseet in- kluderer òg Tverrberghytta ved Løypå- vollen i Eikesdal. For helleristningane på Bugge gjeld skjøtselsavtale mellom Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke og Vitenskapsmuseet i Trondheim og grunneigar på bnr. 1. Folkebadet Bassenget på Eidsvåg barne- og ung- domsskole er ope for publikum tre kvel- dar i veka frå haustferie til påske. Det er tilsett badevakt i 20% stilling. Det er i tillegg avtale med ei foreldregruppe på ungdomstrinnet ved Eidsvåg barne- og ungdomsskole om frivillige badevakter. Folkebadet er eit viktig folkehelsetilbod. Bjørnsonfestivalen Festivalen hadde 17 arrangement i Nesset inkludert førestillingar for skule og barne- hage, samt gudsteneste i fjøset på Nesset prestegard. Samla besøkstal i Nesset var 1 029. Arrangementa for barnehage og sku- le er gratis og blir godt mottatt og repre- senterer vel 400 av besøka. Det er gledeleg å sjå at besøkstal er over dobla sidan siste år. Ein årsak er større satsing ved hjelp av auka sponsorstøtte frå lokalt næringsliv. Tilskot og utbetalingar Det er utbetalt direkte tilskot til lag og foreiningar i alt kr. 896 537. Dette inkluderer mellom anna driftstilskot til Romsdalsdalsmuseet og Bjørnson festivalen, samt tilskot til trakkemaskin og badevakter. Syngende nye Molde kommune Tre-åring samarbeid mellom Midsund, Molde og Nesset med «Krafttak for sang» med ulike satsingsomr åde. I Nesset er alle barnehagane med som «syngande barnehagar». 2018 Prosjektstillingar i 2018 Administrasjon kulturleiar 1,0 Bibliotek inkl. 30% kjøp 1,7 Kulturskole (pluss kjøp) 0,36 Frivilligsentral 0,50 0,20 Ungdomsarbeid 0,50 0,30 Folkebadet 0,25 Museum – kjøp av teneste 0,30 Nøkkeltal i eininga Bjørnsonfestivalen 2018: Den store Nøkkeljakten i Borgstua på Nesset prestegard. Bjørnsonfestivalen 2018: Ved Arnesteinen i Eikesdal Gunnhild Austlid Oppigard, Karen Lovise Sæter Tjetland og Joakim Sæter Tjetland.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=