63301 Nesset aarsrapport 2018 flipbook
76 NESSET KOMMUNE // ÅRSRAPPORT 2018 Resultatvurdering Kommunens hovudmål ligg til grunn for alt arbeid også innafor kulturområdet. Oppnådde resultat er avhengig av moti- verte og dedikerte medarbeidarar. • Nesset folkebibliotek har vore gjen- nom eit hektisk år med strategisk ar- beid retta mot ny kommune. Tal utlån og besøk held seg stabilt til tross for at ein har måtta redusere opningstid i periodar grunna intern arbeid og noko sjukefråver. • Gjemnes og Nesset kulturskole held stabile elevtal og aktivitet i Nesset. Også her førebur ein overgangen til ny kommune. Det har vore usikkerheit i kva retning Gjemnes går i den saman- hengen. • Nesset frivilligsentral og Grotta ung- domsklubb skaper mykje og god akti- vitet for dei fleste aldersgrupper. Frå andre halvår fekk ein auka stillinga til ungdomsarbeid til 50% fast. Det må framhevast at ein har tilført mykje ved hjelp av tilskot og midlar frå eksterne hald som BUF-dir. med fleire. • Godt tverrfagleg samarbeid innad i kommunen er ofte avgjerande for gode resultat. • Bruk av media og presse for å spreie informasjon om aktivitet og tilbod er prioritert. Dette er god omdømmebyg- ging. • Kulturområdet rår over lokala til frivilligsentralen og ungdomsklubben. I tillegg samarbeider ein med Roms- dalsmuseet om Nesset prestegard og med grunnskulen om lokalar til kulturskule. Oversikt over tilskot og utbetalingar Ungdomsmidlar (UKS) 15 000 Tilskudd til lag og foreninger (kulturmidlar) 170 408 Eidsvåg IL tilskot til tråkkemaskin (kraftfondet) 250 000 Delutbetaling spelemidlar (via fylkeskom.) 61 500 Rentekompensasjon spelemidlar (kraftfondet) 3 084 Driftstilskot Romsdalsmuseet 134 000 Finansiering renter «Krona» 137 045 Driftstilskot Bjørnsonfestivalen 90 000 Dugnad badevakter 38 500 Sum 899 537 Med 2 959 innbyggarar i 3. kvartal utgjer dette kr. 304,- pr innbyggar i Nesset. Riksantikvar Jørn Holme med følge får in- formasjon om helleristningane på Bugge av fylkesarkeolog Guro Dæhli Sanden.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=