63301 Nesset aarsrapport 2018 flipbook
99 ENHETENE Resultatvurdering Året 2018 har vore eit godt år for Indre Nesset barne- og ungdomsskule. Elevundersøkinga viser at elevane våre trivst godt. Elevane melder tilbake at dei vaksne på skulen bryr seg om dei og har tru på at dei kan gjere det bra på skulen. Elevundersøkinga avdekkjer også at dei fleste av elevane ofte får hjelp av føreset- te med leksene, men det er noko urovek- kjande at nokre elevar sjeldan får hjelp til leksene heime. Gjennom dei to siste åra har skulen hatt fokus på at lekseoppgå- vene skal ha fokus på meistring og da er det gledeleg å sjå at elevane no svarar at dei får lekser dei kan gjere på eiga hand i dei fleste av faga. Dei faglege resultata er jamt over gode, med nokre svingingar. På nasjonale prøver på 5. trinn er elev- ane over eller på nasjonalt nivå både i lesing og rekning, mens i engelsk ligg vi oppunder nasjonalt gjennomsnitt. På 8. trinnet ligg resultatet oppunder nasjo- nalt resultat både på lesing, engelsk og rekning, mens dei på 9. trinnet ligg over nasjonalt nivå på alle prøvene. Ein viktig indikasjon på om elevane våre har hatt god læringsutvikling gjennom dei ti åra i grunnskulen, er samla grunn- skulepoeng etter avslutta 10. trinn. Over fleire år har avgangselevane ved Indre Nesset barne- og ungdomsskule opp- nådd grunnskulepoeng over nasjonalt nivå, men våren 2018 vart samla grunn- skulepoeng på 10. trinnet 40,8 poeng og under nasjonalt nivå på 41,7 poeng. Det er viktig for Indre Nesset barne- og ungdomsskule at elevane har eit trygt skulemiljø og at elevane har det godt på skulen. Gjennom det siste året har skulen hatt eit godt og tett samarbeid med poli- tiet om fleire forebyggande tiltak. Politiet har informert skulen om mobbeappar og andre farlege trendar, samt hatt fleire undervisningsøkter for elevane på mel- lomtrinn og ungdomstrinn i nettvett som for eksempel om appar, chattekanalar og bildedeling på nett. Vi har i mange år satsa på skuleprogram- met Zippys vener på 1. - 4. trinnet. Det er eit program som har som målsetjing å lære barna å identifisere og snakke om kjensler, meistre utfordringar og problem i dagleglivet, og å støtte andre som har det vanskeleg. Dette langsiktige arbeidet har vi sett resultatet av m.a. ved at vi har høg trivsel, få konfliktar og lite mob- bing. I Elevundersøkinga 2018 kjem det tydeleg fram at dei fleste av elevane våre ikkje har opplevd mobbing i det heile tatt på skulane våre. Likevel er det nokre få elevar som har opplevd mobbing ein sjeldan gong. Dette tar vi på alvor og set i verk skulemiljøtiltak som venskapsti- me og styrte friminuttsaktivitetar. Det er positivt at elevane formidlar tydeleg til skulen at dei vaksne reagerer når nokon seier eller gjer noko ubehageleg. Indre Nesset barne- og ungdomsskule følgjer prosedyrane som ligg i «Kunnskapsnett Romsdal sitt felles overordna system». Skulen fyller dermed krava i Kapittel 9 om skulemiljø i Opplæringslova. Fokuset for det skulebaserte utviklings- arbeidet dette året har vore førebuande prosessar i samband med samanslåing av kommunane Nesset, Molde og Midsund. Saman har vi begynt å samkøyre IKT verktøy i skulane, samt starta det skuleba- serte utviklingsarbeidet «Språkkommu- ne» saman. Språkkommune er ei nasjonal satsing med fokus på språk, lesing og skriving, og det er eit samarbeidsprosjekt mellom skular og barnehagar på tvers av kommunane i nye Molde. Fysisk aktivitet i matematikktimen i Eresfjord. 1.- 4.tr. lagar insektshotell på Vistdal skole.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=