Hustadvika Magasinet 02.22

MESSEHAKLAR og andre kyrkjetekstilar. Her kan vi kort nemne: Fiolett messehakel til Bud kyrkje – 2008. Grøn messehakel til Indre Sula kyrkje – 2009. Raud messeha- kel til Indre Sula kyrkje – 2009. Kvit mes- sehakel til Veøy kyrkje – 2016. Fiolett stola til Vike kyrkje – 2021. Kvit messehakel til Molde domkirke – 2022. I 2010 leverte Skyttel vev to andependie (alterforheng) til Sula kyrkje, og det siste tiåret har fleire kyrkjer i Møre og Romsdal fått stolaer frå Bergset og Bud. NB! Dette er berre litt av det som er levert til kyrkjer. HANDVEVARMEISTER Bjørg Hus- tad sin CV er lang, med ei omfattande liste over utdanning, kurs, utstillingar, diplomar, prosjekterfaring, utsmykkings- oppdrag og stipend. På dei to neste sidene skal vi få eit innblikk i arbeidet som fører fram til tekstilprodukta og vi skal vandre ein liten tur ute i lag med hageentusiasten. Ikkje minst prøver Hu- stadvikamagasinet sin medarbeidar å gjere seg sjøl og lesarane litt betre kjent med mennesket Bjørg – ho som kom frå Os ved Bergen til Bud i 1970. KRONLOGISK Det begynte i 1949, i Os i Hordaland der Bjørg voks opp. I 1969 tok ho eksamen etter to år ved Bergen kommunale kvinnelige industriskole, og i 1970 kom ho til Bud. Veldig kort fortalt om den første tida der. Ektemannen Tormod Hustad var lærar, først i Bud og Gule og så på Tornes. – Vi budde på Skeddargjerdet til vi flytta til Bergset og eigedommen som vi overtok etter Tormod si tante. Det blei fire barnefødslar (fordelt over seks år), gardsarbeid, grønnsakdyrking, vevkurs, husarbeid og alt ellers som fylte kvar- dagen. SKYTTEL VEV I 1982 starta eg firmaet Skyttel vev i lag med Asbjørg Vestad, som etter ei tid gjekk ut av firmaet. Eg dreiv åleine frå 1985 til 1996, og hadde danske praktikanter som var hos meg i eitt år om gongen. Dei hadde fått eit grunnlag i vev gjennom utdanning i Kerteminde. Firmaet blei forresten starta etter at eg hadde eit vevkurs på Drågen. Bedriftslokalet var den første tida ein garasje i Bud. Så leigde vi lokale i Bud Konfeksjon. Frå år 2000 had- de Åse Sæterøy og eg kontor, arbeidsrom og galleri der i alle fall i 15 år. Der var det seks vevstolar og fire vevarar på det mes- te. Åse arbeidde med bilde, og var kjent for sine fine akvarellar. Frå 1996 fekk fleire unge heile opplæringa si i bedrifta, og ei av desse tok svennebrev og 022022 HUSTADVIKAMAGASINET - handel, næring og fritid i Hustadvika kommune 20

RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=