Hustadvika Magasinet 02.22

var her ei tiårsperiode. Eit par andre arbeid- de deltid med montering. Studentar både frå Norge og fleire andre land var her i perioder. Frå 2010 var eg mykje åleine med arbeidet. NYE EPOKER I LIVET – I 2015 døde Tormod. Då begynte eg nedtrappinga av Skyttel vev. Dette har tatt tid, ja, eg har drive med nedtrapping til no. Snart er det slutt på veving som arbeid, sier Bjørg. Mindre arbeidstid vil neppe føre med seg fritidsproblem. Her er det ikkje langt å gå for å sjå resultat av andre interesser. Det blir ein rusletur i hagen, og den fører sam- talen inn på Bud og omegn Hagelag. Bjørg fortel: – Åse Sæterøy og eg var i styret for hagelaget i to tiår, og eg var leiar dei fleste av desse åra. Eg voks opp på gard med jord, skog og matproduksjon. Fars- og morsarven med matproduksjon og forvalt- ning av av naturen har vore inspirasjon i mi etiske og estetiske utvikling. No ser eg at dei som engasjerer seg i det nyorgani- serte Hustadvika Hagelag driv like godt som vi gjorde i Bud og omegn Hagelag. Det skjer mykje positivt! HANDVEVARFAGET Ei lita hagevandring er nok til dokumentere at her har det vore stor aktivitet og gode rutiner i mange år. Hengealm og andre treslag, store og små planter i alle farger, bærbusker, mange sortar grønnsaker – alt dette fortel om interesse, kunnskap, erfaring, arbeidsinn- sats og ekte hageglede. Vi går inn igjen, for no vil Bjørg snakke meir om utdanning og fag. Først litt om eiga utdanning og utvikling av handvevarfaget. – Eg tok vidareutdanning ved Høgskolen i Oslo. Først hospiterte eg for å finne ut kva eg kunne få ut av eit studium der. Dette blei ei positiv oppleving som gav motiva- sjon for å gå vidare. Først måtte eg skaffe meg studiekompetanse. Den tok eg som privatist ved Fræna vgs. Bjørg tar ei lita pause, blir stille og seier: – No lurer eg av og til på korleis dette gjekk i hop, korleis det blei tid til alt. Studiet ved Høgskolen i Oslo blei avslutta i 1994. Grunnfag i kunst- historie tok eg i 1998. På denne tida deltok eg og på eit halvårsstudium i næringsut- vikling med vekt på distriktsaktiv skule. SVENNEBREV Som den første i landet tok eg svennebrev i handvevarfaget. Då hadde vi lagt ned eit langvarig og omfatt- ande arbeid for å få utdanning i dette og andre «småfag» inn i vidaregåande skule. Her kjem vi tilbake til spørsmålet om meisterbrev, og Bjørg svarar: – I 2003 tok eg meisterbrevet i handvevarfaget som den første i landet. Her er det vel rett å skrive fekk. Meisterbrevet fekk eg med realkompetanse som grunnlag. Det betyr at eg kunne dokumentere kompetansen utan å gå opp til prøve. I snart to tiår har Bjørg vore med i prø- venemnder der andre skal dokumentere sin kompetanse som resultat av utdann- ning, erfaring og arbeid. Det har ført til mange reiser mellom Lakselva i nord og Larvik i sør og langs heile kysten. Nyleg var ho i Levanger i Trøndelag, der ei dame tok svennebrevet. Prøvene går over totalt seks dagar og blir gjennom- ført på same måte som prøver i andre handverksfag. HANDVERK OG KUNST – Det har vor viktig for meg at utdanninga fører til eit yrke. Handvevarfaget har sin eigen kode i Brønnøysundregisteret, og det er eit stempel på at vi er profesjonelle. Mange har tidlegare vore lærarar – utdanna peda- gogar i veving. Først frå 1998 har vi hatt ei fagutdanning i handveving. – Du nemner at andre kallar deg tekstil- kunstnar. Kva seier du sjølv? – Eg har ikkje søkt om å bli juryert inn i Kunsthandverkarforbundet. Ja, eg kan vel kalle meg tekstilkunstnar, men har ikkje for vane å kalle meg kunstnar. Det viktige for meg har vore å profilere handverket – handvevarfaget. Alt eg lagar er funksjo- nelt. I tillegg skal det vere estetisk og ha høg kvalitet. Intervjuobjekt og intervjuar kjenner på at dette intervjuet nærmar seg avslutning. Slik er det når produktet skal vere nokre få magasinsider. Noko kom med denne gongen, men det meste er ikkje formidla vidare. Historia fortener ei bok. Før punktum blir sett, seier Bjørg Hustad: – Eg har fundert mykje for å finne min eigen identitet. ØYSTEIN EIK [TEKST OG FOTO] SØSKEN Bjørg Hustad sine søsken kom var ved opning av utstillinga i Molde domkirke. Frå venstre: Olav, Aase, Bjørg, Agnete og Arthur Håkon. HUSTADVIKAMAGASINET - handel, næring og fritid i Hustadvika kommune 022022 21

RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=