Hustadvika Magasinet 04 2022

10 042022 HUSTADVIKAMAGASINET - handel, næring og fritid i Hustadvika kommune sine dikt som sangtekstmateriale, fortel Jorun Marie. – Det er ein fin kombinasjon å vere med både som komponist og utøvar. Kollegaene mine er leikande og opne, og alt dette gjer at dei kan få komposisjonen som lyd i staden for notar. «Perleskum» er som ei leikegrind der eg er med heile tida, i motsetning til å levere frå meg noko til andre og vere ferdig med det. Slik blir det meir eksperimentering. «Friggs rokk», «Valfart» og «Perleskum» er dei tre prosjek- ta eg brenn mest for no. KORONAEN – Før koronaen var eg litt demotivert som utøvar. Mange aktørar og arrangørar merka mindre opp- slutning frå publikum. For meg vart det stadig tyngre å dra i gang konsertar, og ein stor jobb som måtte gjerast vidare. Dette ga meg endå større lyst til å komponere musikk, seier Jorun Marie, og kjem inn på ei spesiell side ved sin situasjon under koronaen – Med pandemien kom nedstenging, og alle oppdrag forsvann. Eg fekk all verdens tid og ro til å konsentrere meg om komponering. Mange nye utfordringar i kvardagen var det rett nok, men stort sett låg alt til rette for kreativ aktivitet. Kva skjedde? Brått var hjernen tom! Ei viktig brikke var borte ved at eg ikkje kom ut i det verkelege livet. Då skjønte eg kor viktig den aktivt utøvande delen av meg som musikar er for meg som komponist. – Behovet for «applaus» kan verke egoistisk, men eg ser veldig tydeleg at mitt uttrykksbehov er heilt avhengig av ein mottakar. Om det eg lagar – som musikar eller komponist – skal gje meining må det vere nokon på andre sida som får ei oppleving på eitt eller anna nivå. Eg kjenner meg privilegert som har denne gåva i meg som eg stadig kan gje vidare til andre, og at det er jobben min. Er det ingen mottakar på andre sida, blir denne gåva mi heilt utan meining, og eg misser mål og meining med det eg gjer. ALDRI SÅ GALE Noko positivt kan det komme ut av det meste. Jorun Marie fortel: – I vakuumet under første del av koronaen, mista eg altså heilt spelelysta og greidde slett ikkje å komponere. Då begynte eg å teikne og måle. Interessa har nok alltid vore der, men den har ikkje vore dyrka i nemnande grad. Brått hadde eg både tid og lyst til å lære meir. Eg tok nettkurs, og ... ja, det tok rett og slett av! Bildeskaping har blitt mi tredje kunstnarlege uttrykksform, og har fått meg til å tenke på kva det er å arbeide med kunstfeltet. Komposisjon er ikkje isolert til ein sjanger. REKRUTTERING – I lag med Anna Gjendem har eg sett i gang eit rekrutteringsprosjekt for folkemusikk og folkedans i samarbeid med kulturskulen i Volda. Tanken på dette har eg sysla med i årevis, men først no har eg kapasitet og skulen ressursar til å gjere det skikkeleg. Arbeidet med dette vil ta tid frå arbeidet som musikar og komponist. Når for eksempel alle onsdagar og mange helger blir bunde til dette prosjektet, er det noko nytt i kvardagen min. – Ambisjonen er å bygge opp eit folkemusikk- og folkedansmiljø for unge i Ørsta/Volda. Det vil krevje tett oppfølging i årevis for å gje resul- tat. For meg betyr det å legge fokuset over på andre, og dermed mindre på meg sjølv, for at dei unge skal oppleve glede ved folkemusikk og utvikle seg. – Kva ser du på som den største utfordringa? – «Skjermen» er ein stor del av ungane sitt liv, og er ein konkurrent for kunst, kultur, idrett og anna aktivitet. Arbeidet med rekrutteringprosjektet vil bli eit langt lerret å bleike. No er det godt å vere i gang. HUSTADVIKA Etter ei lita pause seier Jorun Marie med sitt karakteristiske glimt: – Dette får vere ei oppsummering av kor eg er i livet no. Så tar ho eit tilbakeblikk på sin eigen oppvekst. I lag med ein god familie var ikkje minst under- visninga ved kulturskulen i Elnesvågen viktig for personleg og musikalsk utvikling. – I dag ser eg endå betre den gløden og det personlege engasjementet lærarane hadde for å utvikle oss. No tenker eg at dei sikkert opplevde både sukking, stønning og manglande øving. Samtidig blir eg inspirert av å tenke på kva dei fekk til. Eg har opplevd Hustadvika kulturskole som unik! Vi er ved vegs ende i denne samtalen. Jorun Marie Kvernberg avsluttar slik: – Eg tenker ofte på kor eg kjem frå, og kva oppveksten har betydd for meg. ØYSTEIN EIK [TEKST OG FOTO] NORDISK Jorun Marie Kvernberg var den norske komponisten i storsatsinga «Nordic Folk Sound Orchestra»under Førdefestivalen 2017, med rundt 40 profilerte folkemusikarar og solistar frå heile Norden som utøvarar.

RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=