Hustadvika Magasinet 04 2022
HUSTADVIKAMAGASINET - handel, næring og fritid i Hustadvika kommune 042022 9 KLANGFESTIVALEN i og nær Vågøy kyrkje er ein kjent arena for Jorun Marie Kvernberg. I år var ho sentral med «Perleskum» under opninga og i konserten «Djup redsle. Djup ro» med musikk og dikt av Karl Seglem. Frå venstre: Dag-Filip Roaldsnes (flygel, orgel), Ellen Brekken (bass), Jorun Marie Kvernberg (hardingfele, fele), vokal/stemme), Tore Sandbakken (trommer), Karl Seglem tenorsax (bukkehorn, stemme), Lars Andreas Haug (tuba) og Vegard Hasselgård (gitarar). «Det er ein fin kombinasjon å vere med både som komponist og utøvar. [ ... ] «Perleskum» er som ei leikegrind der eg er med heile tida, i motsetning til å levere frå meg noko til andre og vere ferdig med det.» Farstad Bjørdal frå Sunnmøre og Ásta Soffía Þorgeirsdóttir frå Island – to veldig dyktige musikarar. Tittelen på dette verket er «Friggs rokk». I mytologien er Frigg fruktbarheits- gudinna som sit i himmelen og spinn livgjevande skyer. Sjølv har eg spunne omkring historiene til Frigg (og hennar med-gudinner Fulla, Lovn og Gnå). Frigg er mor til Balder, som dør ved tragiske omstende. Eg ser på sorga hennar, og stiller den ved sida av ei universell og aktuell sorg: Kva om vi mistar jorda vår? Dette blir eit blikk på norrøn mytologi med linjer inn til notid, eit møte mellom norsk og islandsk musikk. Det blir mange dramatiske tonar for tida. No er eg midt oppe i arbeidet med dette verket, som skal ha premie- re på festivalen «Tonehimmel» i Volda til sommaren. NY UTFORDRING Arbeidet med «Friggs rokk» og andre prosjekt har ført til ei bestilling heilt utafor mitt eige miljø. Det blir neste store utfordring i komponistkarriera mi. Verket blir framført av «NyNorsk Messsingkvintett» på Kjartan Fløgstad Mikrofestival i Oslo, og tar utgangspunkt i Fløgstad si debutbok, diktsamlinga «Valfart». – Komponerer du både for profesjonelle aktørar og amatørar? – Ja, og det er to svært ulike oppgaver. Begge er interessan- te. Ein viktig forskjell er at det blir eit nærare samarbeid med profesjonelle musikarar. Dei kan i stor grad komme med innspel i prosessen, og eg får heile tida lære noko av dei profesjonelle utøvarane . PERLESKUM Så langt om bestillingsverka «Friggs rokk» for «Storm Duo» og «Valfart» for «NyNorsk Messingkvintett», som Jorun Marie komponerer for andre utøvarar. Ho har og oppdrag der ho sjølv er med som oppdragsgjevar. «Perleskum» består av Jorun Marie Kvernberg, Unni Boksasp, Lars Andreas Haug og Dag-Filip Roaldsnes. – Vi fann tonen gjennom eit bestillingsverk til Førde- festivalen sommaren 2018. Aasmund Olavsson Vinje vart feira med nye tonar, og med barneforestillinga «På geitevis» som eg komponerte. Frå dette utvikla konsertversjonen «Perleskum» seg, stadig med Aasmund Olavsson Vinje
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=