2
«Eg har mi barnetru!» høyrer vi sagt. Eller,
han og ho «tok vare på barnetrua si».
Det kan vel hende eg har tenkt: «Synd
at ho ikkje vart vaksen, den trua!» Men
med åra ser eg at det nok er barnetrua
som fungerer best hjå meg óg. Og då
tenkjer eg på den trua eg fekk som barn,
med bilder, førestillingar og tillit, slik
berre barn har det. Det er den trua som
er mest grunnleggande hjå oss, og som
vi i vanskeleg situasjonar, i «frykt og
beven», fell tilbake på.
Eg ber framleis kveldsbøna som eg
lærde då eg var liten, og som kom inn og
vart tatt i bruk før eg kan minnast. Den
var slett ikkje så enkel. Det var eit vers frå
ein Blixsalme:
«Kom Jesus inn og med meg ver når det til
kvelden stundar.
Og lat din engel standa her, ved mitt leie
når eg blundar.
Og vara vel min kvilestad, og vekk meg
glad til song med fugl i lundar»
Det er ei poetisk kveldsbøn. Og sidan
eg voks opp på ein gard som heiter
Fuglestrand, så var deler av denne bøna
«stadeigen» som det heiter om nyare
liturgiar.
Barnetrua har sine særmerkje, særleg
når det gjeld tillit, difor er den anerkjend
hos Jesus, når han seier: «Lat småborna
koma til meg og hindra dei ikkje, for
Guds rike høyrer slike til». Barnetrua
er god nok, og den er best i bruk. Den
høyrer borna i Guds rike til. Barnetrua er
naturleg nok barnsleg, naivistisk, som
PÅ KIRKEBAKKEN
Utgis av Molde, Bolsøy, Røvik og Veøy,
Sekken og Kleive menigheter
Prosjektkoordinator
Molde kirkelige fellesråd
Rådhusplassen 1
6413 Molde
Redaksjonskomitè
Anne Vik Pettersson (redaktør)
Jan Erik Syvertsen
Randi Marie Solbakken
E-post redaksjonen
Grafisk utforming
KORN reklamebyrå
Produksjon og trykk:
EKH Grafisk
Menighetsrådsvalg
3
Intervju med domprosten
4
Kirkekalender Molde domkirke
6
Molde domkirke
7
Nytt kirketak
8
Bolsøy sokn
10
Kleive sokn
11
Visste du at
11
Røvik, Veøy og Sekken sokn
13
Gudstjenester i naturens
katedral
15
Tett på
Magnus Moksnes Myhre
16
Innhold
Harald Kjell Sunde
Sokneprest Molde menighet
det heiter i kunsten, men eg trur at det
er det barnslege som er det mest ekte,
og det mest «himmelstormande». Eg
trur ikkje det er tilfeldig at Gud vil at vi
alle skal vere born i hans rike. «Alle som
tok imot han, fekk retten til å verta Guds
born, dei som trur på namnet hans!»
heiter det i Johannesprologen.
Eg syns også at det er greitt å ta vare på
bilde og førestillingar om himmelen som
vi fekk som born. Dei var gjerne prega
av fine bilde, av tryggheit, av englar som
passa på, av frodige landskap. Glansbilde
på veggen på soverommet sette gjerne
draumane i sving. La oss ta vare på dei.
Dei er ekte nok!
Men det eg ynskjer mest for alle som
kjenner at barnetrua er der inne, - er : Bruk
den og syn den! Ho skal ikkje gøymast
vekk. Det hender nok at somme med bar-
netru meiner den anonyme, skjulte trua,
den som ingen andre verken skal sjå eller
ha noko med. Men slik er ikkje trua sitt
vesen. Ho vil ut i rommet. Så då vil eg seie:
Slepp trua ut av «barneskapet» så den
får lov til å glede seg, danse og synge på
vegen til himmelen. I kyrkjene, i heimane
og i forsamlingane i Molde er det berre
barnetru - når alt kjem til alt.
Barnetru,
er det godt
nok?