Romsdalsmuseet forskingsplan 2022-20226
12 storhavet. I den komande perioden vil Romsdalsmuseet som heilskap fokusere på ulike sider og aspekt ved fjorden og kysten i Romsdal. Også forskingsavdelinga ved museet skal handsame dette temaet som eit satsingsområde. Det kan også nemnast at kystkultur er eit framheva satsingsområde i Stortingsmelding nr. 23 (2020-2021). 7 Dette feltet opnar opp for mange vinklingar og relevante forskingsspørsmål. Det vil til dømes vere relevant å sjå nærare på korleis fjorden har fungert som både hindring og ferdselsveg mellom menneske, bygd og by. Det kan også vere relevant å vurdere om det har gjort seg gjeldande sosiale, økonomiske og kulturelle ulikskapar og variasjonar mellom dei indre fjordstrøka og den ytre kystlinja. I tillegg til immaterielt fokus opnar dette forskingsområde for å utføre granskingar av maritimt materiale. Til dømes i form av ulike typar farkostar, naust, sjøbuer, ferjekaier og fangstutstyr. Prestegardshistorie og mellomalderhistorie • Veøy og Nesset prestegardar • Prestegardshistorie med internasjonalt perspektiv • Mellomalderkaupstaden på Veøya Romsdalsmuseet har ansvar for to prestegardar: Nesset og Veøy. Desse eigendomane står sentrale i strategi- og forskingsplana. Samstundes vil museet rette søkelys på prestegardar og prestegardsliv meir generelt. Prestegardshistorie er eit underkommunisert felt som det kan forskast meir på, gjerne med eit samanliknande og internasjonalt perspektiv. Det kan til dømes stillast spørsmål ved kva posisjon og betydning prestegar- dane hadde i Noreg og tilsvarande eigendomsstrukturar i andre euro- peiske land, både protestantiske og katolske. Dette opnar for mange interessante aspekt som kan utdjupe vår forståing av kyrkja og preste- skapet sin økonomiske, sosiale og kulturelle betydning. På dette feltet står Romsdalsmuseet i ein unik situasjon med sine to prestegardar. Innafor dette satsingsfeltet vil det også vere relevant å trekke inn eit mellomalderperspektiv. Fordi prestegarden på Veøya vart til i kontekst av øya sin posisjon som åndeleg, demografisk og økonomisk sentrum i denne historiske epoken. Dermed er sjølve prestegarden ‘berre’ ei av fleire sentrale brikker som vi vil forske på innafor kaupstaden på Veøya. Mellomalderhistoria knytt til kaupstad, kyrkje og prestegard på Veøya byr seg også fram til moglege samarbeid med både nasjonale og inter- nasjonale forskarmiljø. Prestegardshistorie har altså eit vidt spekter av moglege innfallsvin- klar av både materiell og immateriell art. Det vil til dømes vere aktuelt å forske på korleis prestegardane danna det økonomiske grunnlaget for prestefamilien som budde der og korleis næringsgrunnlaget kunne variere mellom ulike prestegardar. Meir immaterielt kan det til dømes forskast på korleis presten tok del i samfunnet og nærmiljøet. Eller på den andre sida; korleis by- og bygdefolket handsama, vurderte og sam- handla med sin lokale prest. Entreprenørskaps- og næringslivshistorie • Maritim industri • Konfeksjonsindustrien • Entreprenørskap og opplysing Det tredje satsingsområde som skal leggjast til grunn i dei komande åra, er meir reindyrka økonomisk-historisk ved fokus på innovasjon og ulik næringsverksemd. Romsdal har som region lange tradisjonar med innovasjon, handel-, nærings- og forretningsverksemd. Slike tradisjonar 7 St. meld. nr. 23 (2020-2021) «Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid», s. 91.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=