Romsdalsmuseet forskingsplan 2022-20226

13 skal trekkjast fram i Romsdalsmuseets samla strategiar og forskings- plan. På forskingsfronten vil det vere aktuelt å granske sosiale og kul- turelle føresetnader for entreprenørskap og nærlingsliv, samt praktiske uttrykk for dette i form av bedrifter, teknologi og anna infrastruktur. I dette biletet har den maritime kulturen stor betydning for mykje av den økonomiske aktiviteten i Romsdal i fortid og samtid. Slik som for dei andre satsingsområde finn vi det hensiktsmessig å ope- rere med ein relativt brei definisjon og forståing av feltet. Det er fleire sider ved den økonomiske historia i Romsdal som kan trekkast fram og granskast med vitskaplege tilnærmingar. Samstundes er det nærlig- gjande at skips- og konfeksjonsindustri og oppdrettsnæring trekkast lengst fram, då dette er næringsvegar med eit langt og breitt innslag i både by- og bygd i heile Romsdal. For vårt vedkomande er dette nær- liggjande område, då samlingane omfattar både konfeksjonsmuseet i Isfjorden, samt kyst- og fiskerieigendommar som strandsitjarplassen Steffågarden og kystgarden Løvikremma. Det er også av interesse å sjå nærare på entreprenørskap og økonomisk innovasjon med utgangspunkt i jordbruket. I denne samanheng er Fred Kavli kunnskapssenteret på Kavli Moen gard, ein høveleg arena. I tillegg til gode fasilitetar for forsking, er dette anlegget eit døme på gardsbruk der gardbrukarar markerte seg som innovatørar, i dette høve av både jordbruksrelaterte og datateknologiske nyvinningar. Derfor er Kavli Moen, Kavli-familien, samt andre liknande aktørar, gode emne for å stille forskingsspørsmål i den føreståande forskingsperioden. Kunst og kultur • Kurt Schwitters • Moldejazz • Internasjonale samarbeid Det fjerde og siste overordna satsingsfeltet tar for seg kunstnarlege og estetiske tema og aktørar med hovudvekt på 1900-talet. Dette sat- singsfeltet opnar opp for internasjonalt perspektiv og samarbeid, ikkje minst i kraft av Romsdalsmuseet sin posisjon som sentral forvaltar av arva etter den tyske kunstnaren Kurt Schwitters som budde i Romsdal. I tillegg er det ei målsetting at museet også skal markere seg på mu- sikkhistoriske felt, då i ei retning som vil framheve Molde og Romsdal si rolle og posisjon i den internasjonale jazzscena sidan etableringa av Moldejazz i 1960. Dette satsingsområde dannar eit svært godt utgangs- punkt for internasjonale perspektiv og samarbeid. Dette er målsettingar som det er etterspurd i både stortingsmeldingar og innafor Romsdals- museet sin eigen overordna satsingsplan for den komande perioden.

RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=