Romsdalsmuseet forskingsplan 2022-20226
14 MOGLEGHEITER OG UTFORDRINGAR • Internasjonalt samarbeid, nettverk og seminar • Ph.d. i offentleg sektor • Økonomi og lisensar i tidsskriftsdatabasar Moglegheiter På grunnlag av punkta som er gjort greie for ovanfor, kan det skisserast nokre moglegheiter og utfordringar for forsking ved Romsdalsmuseet i perioden 2022-2026. Av moglegheiter vil vi først trekke fram dei materielle fasilitetane, samlingane og ressursane som dannar eit godt grunnlag for forsking. For det andre består museet av kvalifiserte og fagleg varierte tilsette. Samarbeid mellom tilsette, kurs og vidareutdanning skapar mogleghei- ter for forskingsverksemd og anna vitskapleg basert verksemd i både materiell og immateriell forstand. Denne inkluderande tilnærminga kan også med fordel rettast overfor eksterne bidragsytarar, som til dømes artikkelforfattarar i årboka, og andre samarbeidsprosjekt med aktørar både innafor og utanfor fylket og Noreg. Utviklinga av Fred Kavli kunnskapssenter er ein opplagt moglegheit for Romsdalsmuseet. Her vil forsking vere det sentrale element i drifta. Saman med Krona i Molde kan kunnskapssenteret i Eresfjorden vere arena for ei rad ulike arrangement der forsking står i sentrum. Til dømes kan det vere aktuelt å invitere til forskarskule, gruble- og skriveseminar for deltakarar i ulike prosjekt, slik som arbeidet med årboka, og andre samarbeid der det er ein fordel at deltakarar kan treffast til både for- melle og uformelle diskusjonar. Det er også ei moglegheit å ta initiativ til å arrangere konferansar og seminar der ‘forsking i museumssektoren’ i seg sjølv vert gjort til tema. Noko slik vil vere i tråd med den nasjo- nale satsinga på dette området og vil vere ein stad der erfaringar med denne praksis kan delast mellom museumstilsette. Slike samlingar vil også kunne knytte nye relasjonar og nettverk og slik bidra til å styrke framtidig samarbeid om forsking i museumssektoren. Mange forskarar i museum har få eller ingen forskarkollegaer i egen organisasjon, og ved å bruke Fred Kavli kunnskapssenter som arena kan Romsdalsmuseet ta initiativ til å etablere årlege ph.d.-nettverkssamlingar blant kommande museumsforskarar. Av meir langvarig betydning er det ei moglegheit for Romsdalsmuseet å knytte til seg ph.d.-stipendiatar. Slike kan anten ha fast eller delvis kontorplass ved museet og arbeide med prosjekt som heilt eller delvis samanfalle med Romsdalsmuseet sine fokus- område. På liknande vis kan museet freiste å knytte til seg master- og bachelorstudentar som arbeider med eller ønskjer bistand til prosjekt som er innafor våre kompetanseområde. Utfordringar Det er også utfordringar knytt til målsettingane om å drive forsking i museumssektoren. Det kan trekkjast fram to aspekt som kan skape ut- fordringar i åra som kjem. For det første avhenger forskingsproduksjo- nen av at det finst tilstrekkeleg med økonomiske midlar. Det er behov for finansiering som kan setjast av for at tilsette kan drive med forsking på eit tilstrekkeleg vitskapleg nivå. For det andre er ei utfordring at museumssektoren står utan tilgang til akademiske tidsskrift nasjonalt og internasjonalt. Det er ein avgjerande føresetnad for å ha moglegheit til å drøfte og relatere forskinga til etablerte forskingsfrontar, noko som også er tilfelle for forsking i museumssektoren.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=