Romsdalsmuseet forskingsplan 2022-20226
15 SAMANFATNING • Forsking ligg til grunn for verksemda • Varierte satsingsområde • Samarbeid og nettverksbygging I tråd med offentlege og nasjonale retningslinjer legg Romsdalsmuse- et vitskapleg og forskingsbasert verksemd til grunn for verksemda si i perioden 2022-2026. Forskingsplanen som her ligg føre framhevar at Romsdalsmuseet skal drive forsking på fleire område. Vi vil bemanne ei fellesteneste-ordning for forsking i musea i Møre og Romsdal fylke og delta i pågåande og komande forskingsprosjekt som går føre seg i samarbeid mellom desse musea. For sin eigen del har Romsdalsmuseet reist nokre særskilde satsingsfelt som skal få hovudfokus, samstundes utelukkar ikkje dette at tilsette kan drive med prosjekt som også går utover dei følgjande satsingsfelta: ‘fjord- og kystkultur’, ‘prestegards- historie og mellomalderhistorie’, ‘entreprenørskaps- og næringslivshis- torie’ og ‘kunst og kultur’. Av moglegheiter i perioden framhevar vi materielle tilhøve ved Kro- na og Fred Kavli kunnskapssenter. Begge desse avdelingane er gode arenaer for konferansar og seminar med forsking i fokus. Ein annan viktig moglegheit er å engasjere ph.d.-stillingar i offentleg sektor, samt bistand til master- og bachelorstudentar innafor Romsdalsmuseet sine kompetanseområde. Av utfordringar som må takast stilling til framover er finansiering av forskingstid, samt tilgang på relevant forskingslittera- tur i nasjonale og internasjonale tidsskriftsdatabasar.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=