Romsdalsmuseet forskingsplan 2022-20226
3 INNLEIING Romsdalsmuseet er ein kulturhistorisk, vitskapleg institusjon og region- museum med hovudkontor i Molde. Vi legg forsking og kunnskaps- utvikling til grunn for verksemda vår, og er dermed både ein kunnskaps- institusjon og ein forskande institusjon. Vi ønskjer å legge til rette for forsking, auke den vitskaplege kompetansen og drive forskingsbasert formidling og publisering. Dette er i tråd med fleire stortingsmeldingar som slår fast at forsking skal ha ein grunnleggjande posisjon og funk- sjon i museumssektoren i Noreg. I dette dokumentet skal forskingsplanen for Romsdalsmuseet i peri- oden 2022-2026 presenterast. I det følgjande skal det greiast ut om kva som er våre målsettingar for forskinga og korleis vi skal organisere denne delen av museet si verksemd. Vi skal presentere fire satsingsom- råde for den komande perioden. Deretter vil vi gjere ei kort vurdering av potensielle moglegheiter og utfordringar på noverande tidspunkt. Avsluttingsvis vert Forskingsplan for Romsdalsmuseet 2022–2026 samanfatta.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=