Romsdalsmuseet forskingsplan 2022-20226
4 KVIFOR FORSKE VED ROMSDALSMUSEET? STORTINGSMELDINGAR OG FØRINGAR • Forsking er ein del av samfunnsoppdraget • Museum bør samarbeide med andre forskingsmiljø • Museum bør ha vilje til forsking Fleire stortingsmeldingar har vurdert tematikken ‘forsking i museums- sektoren’. Dette var tilfelle ved Stortingsmelding nr. 22 (1999-2000) «Kjelder til kunnskap og oppleving», der det vart framheva at forsking er ein viktig og grunnleggjande føresetnad for at museum skal opp- fylle sitt samfunnsoppdrag. 1 Ambisjonen om forsking i musea vart intensivert i Stortingsmelding nr. 49 (2008-2009) «Framtidas museum. Forvaltning, forskning, formidling, fornying». Tittelen samfattar dei fire faktorane som det vart retta søkelys på i dette politiske styringsdoku- mentet. Her var det presisert at forsking og anna kunnskapsutvikling var nødvendig fagleg grunnlag for all verksemda i musea. Det var også lagt vekt på at desse måla kunne sikrast ved å aktivere potensialet som fanst i å innleie samarbeid mellom museum, samt med eksterne for- skarmiljø. 2 Av nyare dato er temaet drøfta og aktualisert i Stortingsmelding nr. 23 (2020-2021) «Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid». I denne går det tydeleg fram at forsking skal stå sentralt i museumspolitikken for tiåra fram mot 2050: «Forsking er ein del av musea si kjerneverksemd. Kulturdepartementet legg til grunn at alle musea med driftstilskot frå departementet legg til rette for, og sjølve utfører, forsking.» 3 Forskingspraksis er dermed ein ambisjon som det vert forventa at mu- sea sett i kraft framover, med andre ord i form av vilje til å prioritere og legge til rette for forsking ved kvart einskild museum. Eit ledd av denne målsettinga er eit ønskje om vedvarande samarbeid mellom museum og universitet- og høgskulesektoren, samt andre relevante fagmiljø. Eit viktig underliggjande premiss for målet om forsking i musea, er at Kulturdepartementet ser eit ressurspotensiale i denne sektoren av samfunnet som dannar gode føresetnadar for forskingspraksis, nemleg samlingane. Desse meiner departementet med fordel kan utnyttast meir i framtida: «Musea har eit særeige utgangspunkt for forsking gjennom nærleik til samlingar og arkiv, og fordi museumsdrift gjev grunnlag for både tverrfagleg og tverrinstitusjonelt forskingssamarbeid. Arbeidet med utstillingar og publikum gjev eit godt utgangspunkt for å nærma seg kjeldematerialet på måtar som kan gje nye innfallsvinklar til tolkinga av materialet.» 4 1 St. meld. nr. 22 (1999-2000) «Kjelder til kunnskap og oppleving», s. 114, 118. 2 St. meld. Nr. 49 (2008-2009) «Framtidas museum. Forvaltning, forskning, formidling, fornying», s. 13. 3 St. meld. nr. 23 (2020-2021) «Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid», s. 45. 4 St. meld. nr. 23 (2020-2021) «Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid», s. 46.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=