Romsdalsmuseet forskingsplan 2022-20226

6 KORLEIS FORSKE VED ROMSDALSMUSEET? MÅLSETTINGAR OG ORGANISERING • Forskinga skal ha høg fagleg kvalitet • Museet har eiga forskingsavdeling • Fagfellevurderte og populærvitskaplege tilnærmingar Vedtekter og definisjonar I Romsdalsmuseets vedtekter er det fleire moment som underbygger at institusjonen skal drive med forsking. I §1 blir det slått fast at Roms- dalsmuseet er ein vitskapleg institusjon, og §2 gjer det klart at museet skal foreta faglege granskingar. I tillegg, som vist ovanfor, er det nasjo- nale føringar og oppfordringar om at museumssektoren skal drive med forskingspraksis. I stor grad kan det seiast at dei mål og tiltak som det er gjort greie for i førre forskingsplan, også vidareførast i den komande perioden. Kort sagt er den overordna målsettinga å produsere forsking av høg fagleg kvalitet, samt å bidra med forskingskompetanse innafor både interne og eksterne nettverk og fora. 5 Som anna forsking med internasjonal og moderne standard, vil Romsdalsmuseet følgje vitskap- lege prosedyrar, ideal og forskingsetiske krav. Med omgrepet ‘forsking’ forstår vi verksemd som ut frå konkrete forskingsspørsmål/problemstil- lingar arbeider med ei systematisk og konsekvent metodisk tilnærming (for å besvare spørsmål), jf. OECD sin internasjonale definisjon (Fras- cati-manualen). 6 Arbeidet skal vere verdifritt, mogleg å etterprøve og drøftande overfor etablert kunnskap og anna relevant forsking. Ressursar Romsdalsmuseet si forskingsverksemd skal sette av tid og ressursar for både interne og eksterne initiativ. Vi har i dag ei forskingsavde- ling beståande av to tilsette – ei fast og ei midlertidig stilling, begge med doktorgrad. Romsdalsmuseet har delvis ansvar for å administrere fellestenesta for forsking i Møre og Romsdal fylke. Som følgje av denne stillinga skal museet støtte dei andre musea i fylket i forskingsrelaterte saker og spørsmål. Utanom forskingsavdelinga har vi stor fagleg bred- de innafor dei ulike avdelingane, der fleire av dei tilsette har høgare akademisk utdanning. Romsdalsmuseet si forskingsavdeling har dermed både produserande og administrerande sider. På produksjonsfronten skal forskingsavdelin- ga ta ansvar for museet si årbok. Samstundes er det målsettingar om å produsere fagfellevurderte tekstar i form av artiklar og bokkapittel. Vi skal også delta på relevante fagseminar, samarbeidsprosjekt, konferan- sar og liknande. I tillegg vil vi drive med forskingsbasert og populærvit- skapleg formidling i skriftleg og munnleg form. 5 Sjå: Stiftelsen Romsdalsmuseet. Forskingsplan 2012-2016. Sak 30/12, s. 9-12. 6 Jf.: St. meld. nr. 20 (2004-2005) «Vilje til forskning», s. 147.

RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=