Romsdalsmuseet forskingsplan 2022-20226

7 Ei anna målsetting er å støtte andre tilsette og interesserte i å utføre forskingsbasert arbeid og formidling. Dette kan gjerast i den daglege drifta, særleg i samband med årboksarbeidet, men kan også gjerast i form av sjølvståande arrangement som gruble- og skriveseminar, forskarskular og andre kollektive former for forskingsverksemd. I kraft av ansvarsområdet for fellesteneste-ordninga er det ei nærliggjande oppgåve for Romsdalsmuseet å legge til rette for større fellesprosjekt som omfattar dei resterande musea i fylket, samt eventuelle eksterne aktørar. Slike samarbeid kan mogleggjere og gjere det meir realistisk at prosjekta får tilslag på midlar og støtteordningar. Vitskaplege ideal Desse punkta leiar inn på eit av kjerneelementa i all forskingsverksemd, nemleg fagleg tilbakemelding og kritikk. Romsdalsmuseet vil legge til rette for og oppfordre til fagleg og konstruktiv kritikk i all forskingsverk- semd, både internt og eksternt. Samstundes må det presiserast at dette er eit vitskapeleg ideal som må brukast med skjønn overfor mykje av den ikkje-vitskaplege aktiviteten i museumssektoren. Likt som i høg- skule- og universitetssektoren, vil Romsdalsmuseet sette seg mål om at all vitskapleg verksemd vert registrert i publiseringssystemet CRISTIN (Current Research Information System in Norway). Med dette vil regi­ strert forskingsproduksjon og -formidling vere meir oversiktleg for alle interesserte. Romsdalsmuseet vil produsere årbøker og anna tekst i tråd med vit- skapsetiske ideal. Det er med andre ord tale om ein balansegang mellom allmenn og populær formidling og vitskaplege ideal og praksis. Med den aktuelle satsinga på forsking i museum, både nasjonalt og ved Romsdalsmuseet, vil denne todelte tilnærminga aktualiserast. Dermed vert den komande perioden ei tid der det praktiske og administrative tilhøvet mellom populær formidling og forsking må vidareutviklast og prøvast, noko som opnar for vidare refleksjon vedrørande forsking i museumssektoren.

RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=