Romsdalsmuseet forskingsplan 2022-20226
8 Nasjonale og internasjonale samarbeid Romsdalsmuseet vil i tillegg til å engasjere sine tilsette, knytte seg til samarbeidspartnarar og nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi vil også legge til rette for at forskarar utanfor vår region kan vitje oss for å bidra i våre aktivitetar og/eller drive med sine eigne uavhengige prosjekt og granskingar. Dette aktualiserer ei grunnleggjande side ved Romsdalsmuseet si forsking, nemleg arkivet, deponiet og den digitale registreringa av dette materialet. Ved å oppbevare og gjere samlinga- ne søkbare, gjer vi det mogeleg å knytte forskinga til desse kjeldene. I tillegg inkluderer vi samlingane i databasar tilgjengelege for både allmenne og akademiske publikum. Alle magasin og arkiv er lokalisert i Krona og dermed tilgjengeleg for både tilsette og besøkande. Relevans Eit hovudkriterium for forskinga er at tema, problemstilling og for- skingsspørsmål har relevans for Romsdalsmuseet sitt geografiske og kulturelle fokusområde. Samstundes vil det være nyttig og ønskjeleg at museet sine forskarar ved visse høve deltar i prosjekt og konfe- ransar utan direkte tilknyting til Romsdal. Gjennom slik verksemd vil Romsdalsmuseet aktivt ta del i nasjonale og internasjonale forskings- nettverk og skape relasjonar og erfaringar som styrkar museet sin vitskaplege profil. Eit anna underliggjande kriterium er at forskingsar- beidet bør ha relevans og forankring innafor dei fire utvalde satsings- felta for den komande perioden. Likevel vil det vere ein viss fleksibilitet kring dette spørsmålet, alt ettersom potensielle prosjekt oppstår og dei/den tilsette har høve til å delta i desse. Til dømes vil dette gjelde formidling, forskings- og konferansebidrag. Ein føresetnad her er at slike forskingsbidrag utanfor satsingsfelta ikkje tar uforholdsmessig mykje tid og ressursar frå den opphavlege forskingsplana. SATSINGSOMRÅDE • Fjord- og kystkultur • Prestegardshistorie og mellomalderhistorie • Entreprenørskaps- og næringslivshistorie • Kunst og kultur Prioriteringar Romsdalsmuseet har valt seg ut fire satsingsområde i sin strategiplan for dei komande åra, og forskingsplana vil samanfalle med desse. Desse felta skal inspirere og legge føringar for retninga på verksemda til Romsdalsmuseet, og då både for den generelle drifta og for forskings- arbeidet. Dei fire satsingsområde kan sjåast som delvis overlappande og i røynda vil fleire av desse felta kunne realiserast innunder same ak- tivitet og prosjekt. Det er like fullt hensiktsmessig å halde dei fråskilde på eit overordna nivå, nettopp for å tydeleggjere at det er tale om fire uavhengige satsingsfelt. Som nemnt vil det samstundes vere opningar for forskingsverksemd som går utover desse felta. Forskingsplanen er dermed førande og ikkje absolutt. Fjord- og kystkultur • Romsdalsfjordane • Nasjonalt satsingsområde • Fjord kontra kyst og hav Romsdalsfjordane knyt saman regionen Romsdal – topografisk, men også kulturelt. Fjordane strekker seg frå indre strøk og ut til kysten og
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NTkwNzA=