Previous Page  16 / 16
Information
Show Menu
Previous Page 16 / 16
Page Background

Alder:

44 år

Sivil status:

Gift, tre born

Bakgrunn:

Utdanna kantor med hovudfag i korleiing. Har

arbeidd som kantor i Vaksdal og som dirigent for

ulike kor.

Aktuell:

Ny domkantor i Molde menighet

Tett på

kantor Tone Synnøve Øygard Steinkopf

INFORMASJONSBLAD

Kva gjorde at du havna i Molde og i denne jobben?

– Molde er ein kjent by for meg sidan eg delvis vaks opp i Fræna.

Det var spennande for meg å søke jobben i domkirka somhandla

om å leie korarbeidet. Så då eg fekk tilbod om stillinga takka eg ja.

Har du alltid vært glad i sang og musikk?

– Ja det har eg alltid vore. Eg vart tidleg presentert for klassiske

verk av mine foreldre. Og i barndomsheimen var det mykje

song og musikk.

Kvifor vart du organist?

– Eigentleg søkte eg pianopedagogisk utdanning då det var

tid for å studere, men eg fekk ikkje lov til å begynne på studiet

fordi eg var for ung. Litt komplisert å forklare, men slik var det.

Derimot fekk eg begynne på kirkemusikk. Eg har ikkje angra

på det. Og organistyrket var ikkje ukjent for meg sidan eg alle-

reie hadde vore organistvikar ved mange høve i fleire år.

Spelar du andre instrument enn orgel?

– I oppveksten var eg innom både stryk og messingblås. No

spelar eg piano i tillegg til orgel, og så spelar eg ulike blokk-

fløyter. Og kor er jo også eit slags instrument!

Kva vert hovedoppgåvene dine som kantor i Molde?

– I Molde skal eg ha ansvar for korverksemda i domkirka.

Aspirantane, barnekoret og ungdomane i Schola cantorum og

domkantoriet.

Kva likar du best med å dirigere kor?

– Å arbeide med kor er å arbeide med menneske og det likar

eg. Og når desse menneska musiserar og syng vakkert er det

fantastisk å vere dirigent!

Høyrer du på annen musikk enn klassisk?

– Eg lyttar til ulik musikk ettersom kva modus eg er i. I kvar-

dagen høyrer eg lite på klassisk, den høyrer eg på jobben. Eg

likar å lytte til jazz, på ulike popartistar, kormusikk i ulike genre

og skal eg vaske huset er Michael Jackson og Whitney Housten

glimrande. Innimellom når eg har god tid og er i rett modus er

det godt å lytte til symfonisk musikk eller kammermusikk. Men

mest er eg glad i stilla.

Kva gjer du på fritida?

– Eg likar å gå tur i ellet og vil gjerne opp på ein topp. Eg les

bøker og ser gjerne film som avslapning, og innimellom finn

eg fram eit strikketøy.

EKH.no

miljømerket trykksak 241 690

Domkantor Tone Synnøve Øygard Steinkopf.