På kirkebakken nr. 4 2014 - page 16

Alder:
76 år
Bakgrunn:
Tidligare rektor på Kleive og Vikamyra skule,
har vore misjonær på Madagaskar og medlem i
Kleive sokneråd i 26 år.
Aktuell:
Sluttar som klokkar i Kleive kyrkje etter
15 års teneste.
Tett på
klokkar Ingeborg Berg
INFORMASJONSBLAD
Kva var motivasjonen din for å bli klokkar?
– Eg hadde eit ynskje om å få gjere ei teneste i kyrkja, sidan
eg eigentleg har vore engasjert i kyrkje- og gudstenesteliv i
mesteparten av mitt vaksne liv. Eg
ynskte å stå i ein samanheng der
eg kunne vere med å formidle den
kristne bodskapen, evangeliet.
Gudstenesta er nettopp staden for
dette.
Kva likar du best med guds-
tenestene?
– Eg synest det er ekstra kjekt når
barn, vaksne og eldre er saman i
gudstenesta, som for eksempel
ved utdeling av 4-årsbok, dåp og
på julaftan. Det gjev ei ekstra opp-
leving av fellesskap.
Kva saker ser du på som dei
viktigaste i di tid som leier av
soknerådet?
– Eg hugsar det vart mange saker i
samband med endringar i orga-
nisasjonen. Ellers var det saker
om utviding av kyrkjegarden,
utarbeiding av plan for utviding
av sakristiet, i tillegg til drøfting av
dagleg drift.
Du har også vore misjonær?
– Ja, frå 1964 til -76 var eg misjo-
nær på Madagaskar og var
skulestyrar ved to av den lutherske kyrkja sine skular. Det var
over 600 elevar og 30 lærarar på skulen, eit yrande liv, og det
mangla ikke på arbeidsoppgåver! Det var ei tid rik på opple-
vingar, og eg har framleis vener og
kjende der.
Korleis er kvardagen din som
pensjonist?
– Pensjonistkvardagen er roleg i
høve til tidlegare. Eg maktar ikkje så
mykje som før, men eg har mange
interesser og har ikkje problem
med å fylle dagane. Eg er med i
misjonsforeningar og på NMS Gjen-
bruk i Molde. Godt å ha litt meir tid
til familie og vener, eller til å lese ei
bok for eksempel.
Har du nokre draumar for Kleive
kyrkjelyd?
– Eg vonar at folket i Kleive framleis
må få sjå kva rikdom det er å ha ein
stad der alle fritt får samlast med
den kristne bodskapen i sentrum.
Der har generasjonar før oss fått
hente velsigning og kraft til livet. Vi
veit at mange stader rundt i verda
har menneska det tungt i dag,
medan vi får leve i fred og fridom.
EKH.no
miljømerket trykksak 241 690
1...,6,7,8,9,10,11,12,13,14,15 16
Powered by FlippingBook