Background Image
Previous Page  4 / 28 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 4 / 28 Next Page
Page Background

4

Heile familien – ein medlemskap!

Frå 2016 tilbyr endeleg ÅST/DNT familiemedlemskap.

Enklare og billegare for heile familien.

Hugsar du den aller første turen? Å leite etter raud

T, å kome fram til hytta? Familiemedlemskap i

ÅST/DNT gjer det enklare og billegare for familiar.

Er du allereie medlem, kan du alt no oppgradere

neste års medlemskap på «din side».

Tilbodet om familiemedlemskap gjeld for to

vaksne og alle borna i husstanden. Alle får kvart

sitt medlemskort, og born under 12 år vert automa-

tisk medlem av Barnas Turlag utan tilleggskostnad.

Borna får tilsendt «Fjellpass». Alle må bu på same

adresse, og familien får ein faktura. For dei som har

store born som bur på same adresse som foreldra,

er dette ekstra gunstig – store born kan vere med i

familiemedlemskapen til 26 år.

Har familien to born, er den nye familiemed-

lemskapen billegare enn dagens ordning. Har du

spørsmål, kan du kontakte DNTs medlemsservice

på 40001870 eller medlem@dnt.

Prisen for familiemedlemskap er 1150,-

Kjenner du nokon som burde bli medlem?

Nye medlemmar får informasjon på

www.dnt.no/medlem

PS!

Som medlem i ÅST får du tilgang til alle våre 14 hytter! For 100 kroner får du

nøkkel som passar til alle hyttene. Kanskje kunne ein spennande helgetur til

Runde fyr for små og store friste?

Andre medlemsfordeler: Billegare overnatting, Fjell og Vidde og Fjellposten,

Turprogram, gode avtaler i Gjensidige forsikring, og rabatt i sportsbutikkene.

Ta kontakt med oss!