Background Image
Previous Page  7 / 28 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 7 / 28 Next Page
Page Background

7

hytta. Da tek ein av til høgre rett etter Franseplass

og følger vegen forbi Førholen. Den verkeleg even-

tyrlystne legg vegen om Midthøa på 1700 moh og

blir belønna med fantastisk utsikt over Tafjordfjella

og mot Romsdasfjella, og ikkje minst – morosam

nedkøyring til Litjhånådalen.

Skileik

Terrenget rundt hytta innbyr til skileik og moro for

små og store. Elveleiet er naturlig halfpipe for den

leikne og skogen eit eventyr å svinge seg rundt i.

Både ovanfor og nedanfor hytta er det åpne område

der ein kan lage hopp og løyper for barna.

Skiturar

Dei lavare fjella rundt hytta er fine turar for alle.

Gå nesten opp til Jervebua i Litjhånådalen og ta

enten aust til Skarvskaregga eller vest til Halsen.

Frå Skarvskaregga kan du gå vidare mot Skirifjellet

i småkupert terreng. Går du mot Halsen kan du gå

vidare til Veslebjørnegga, enten litt bratt opp sør-

enden, eller litt slakkare via Halsholet i nordenden

av fjellet. Vær obs på terrengformasjoner på toppen

av egga. Det er mangt som kan skjule seg mellom

20-meterskotene på kartet.

Toppturar

Vakkerstøylen er nok ikkje mest kjent som ut-

gangspunkt for toppturar, men mogelegheitene er

der. Frå Halsholet kan du gå vidare til Bjørnegga

(1704 moh) og Bjørnabottinden (1660 moh). Inst i

Litjhånådalen ligg Hånådalstinden og lokkar med

sine 1806 moh. Midthøa er allerede nemnt.

Bruk kart og les terrenget for å finne beste

veg opp på desse toppane, og vær obs på eventuell

skredfare.

God tur!

Tekst og foto: Tone Drabløs

Jervebua