Table of Contents Table of Contents
Previous Page  101 / 142 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 101 / 142 Next Page
Page Background

Tenester og oppgåver i

eininga

• Indre Nesset barne- og ungdomsskule

består av to fådelte skular:

• Eresfjord barne- og ungdomsskule:

1-10-skule med 49 elevar.

• Vistdal skole: 1-7-skule med 17 elevar.

• På Eresfjord barne- og ungdomsskule

er det skulefritidsordning med mini­

mum seks plassar. I 2015/16 er det sju

barn som nyttar tilbodet.

• Skulane har fokus på å ha eit godt

læringsmiljø der trivsel, tryggleik og

gode skulefaglege prestasjonar blir

vektlagde. Ei viktig målsetjing er òg

at skulane skal vere ein god og trygg

arbeidsplass for alle.

• Vi legg vekt på å ha eit godt samar­

beid med foreldra og foreldreorganet

FAU. Infoskrivet «Info til heimen» blir

til ein kvar tid sendt heim og lagt ut

på den kommunale heimesida, for at

foreldra skal vere orienterte om skule­

aktivitetane.

Resultatvurdering

Frå og med skuleåret 2014/15 har skula­

ne i Nesset vore med på den nasjonale

satsinga «Ungdomstrinn i utvikling»

med rekning som valt satsingsområde.

Utviklingsarbeidet er skulebasert og har

vekt på rekning som grunnleggjande fer­

digheit i alle fag og på alle trinn. Høgsku­

len i Volda er ein viktig samarbeidsaktør i

dette toårige kompetanseløftet, og hovud­

målet er å auke elevane sine dugleikar

innanfor rekning som fagområde.

Elles er det viktig for Indre barne- og

ungdomsskule at elevane har eit trygt

skulemiljø, og at dei trivst på skulane

våre. Vi har i fleire år satsa på skule­

programmet Zippys vener. Det er eit

program som har som målsetjing å

lære barna å identifisere og snakke om

kjensler, meistre utfordringar og problem

i dagleglivet, og å støtte andre som har

det vanskeleg. Dette langsiktige arbeidet

begynner vi no å sjå resultatet av m.a.

ved at vi har stor trivsel, få konfliktar og

lite mobbing.

Hausten 2015 vart Elevundersøkinga

gjennomført på alle trinn f.o.m. 5. trinnet

til 10.trinnet. Resultata frå undersøkinga

indikerer at elevane har eit trygt og godt

skulemiljø. Dei fleste av elevane svarar

at dei enten trivst godt eller svært godt,

og ingen elevar har kryssa av at dei ikkje

trivst. Elevane formidlar også at dei vaksne

INDRE NESSET BARNE-

OG UNGDOMSSKULE

Einingsleiar / rektor

Hilde Toven

Inspektør Eresfjord

Kirsti M. Evensen

Inspektør Vistdal

Marit Berg Øien

4,03%

7,29% % 2014

Samla i kommunen:

8,59% i 2015 – 9,4 % i 2014

Sjukefråvær 2015

Hilde Toven

einingsleiar

Uteskuledag på Vistdalsholmen.

Sykkelopplëring i kroppsøvingstimen

på Vistdal skole.

Nøkkeltall i eininga

31.12.15 31.12.14

Tilsette

19

24

Årsverk

15,4

17,8

Deltid

8

13

Kvinner

18

22

Menn

1

2

101

ENHETENE // INDRE NESSET BARNE- OG UNGDOMSSKULE