Fond
Disposisjonsfond
Rekneskapsmessig avsetning til - og bruk av disposisjonsfond er lik budsjettert.
Mindreforbruk i 2012 på kr. 1.112.176,88 vart sett av til disposisjonsfond.
Saldo på fondskonto var per 31.12. kr. 1.430.536,88 og har netto auka med kr.
955.536,88.
Bundne fond
Vi har kr 4.161.500,43 i bundne driftsfond per 31.12.2013. Av desse om lag 2 million kroner
fond tilhøyrande sjølvkostområda vatn, avløp og feiing, Næringsfond og Øyriket Romsdal.
Midsund kommune er kontorkommune for samarbeidsprosjektet Øyriket Romsdal.
Overføring til investeringsrekneskapen
Momskompensasjon på årets investeringarer fullt ut overført til investeringsrekneskapen med
kr 2.732.537,-. Kompensasjonen ligg under budsjett. Årsaka er ulike prosjekt som ikkje vart
påbegynt eller ferdige.
I 2013 er minimumskravet 80% overføring, vi overførte 100%. Dette er siste året at det
inntektsførast momskompensasjon frå investeringar som driftsinntekt.
12