Årsrapport 2013 - Midsund kommune - page 34

Finansrapport
per 31. desember 2013
Midsund kommune sitt finansreglement vedteke 18. november 2010 seier at finansrapport
skal leggast fram for kommunestyret kvar tertial. Nytt finansreglement og rutinar for
finansforvaltning vart vedteke i kommunestyret i sak 40/2013.
Likvide midlar
Finansreglementet seier mellom anna at likvide midlar kan plasserast i bankinnskot i norske
kroner. Eit innskot kan ikkje overstige 15 million kroner og bindast for meir enn 18 månader
Midsund kommune sine midlar meint til driftsformål, ubunde investeringsfond og ubrukte
lånemiddel er plassert i bankinnskot i norske sparebankar.
Samla bankinnskot per 31.desember 2013 var på om lag 24,4 million kroner (eks skattetrekk
og næringsfond).
Midsund kommune nyttar Sparebank 1 SMN som hovudbank. Avtalen vart inngått 16. juni
2012 og har ei varigheit på 3 + 1 år, rentevilkår er 3 månaders Nibor + 1,05%.
Vi har og ein plasseringskonto i Sparebank 1 SMN. Innskot per 31.12.2013 var på 7 million
kroner, rente 3,1%.
I tillegg hadde vi 7,4 million kroner plassert i anna bank med bindingstid fram til 01.04.2014
og med 3,25 % renter. Elles er alle likvide midlar plassert i bankinnskot utan binding.
Gjeldsportefølje
Finansreglementet seier mellom anna at lån skal takast opp i norske kroner. Det skal
innhentast minst to konkurrerande tilbod ved opptak av nye lån. Eit einskild lån skal ikkje
overstige 55% av samla gjeldsportefølje. Gjeldsportefølja skal ha ein fastrentedel på
minimum 25% og maksimum 70%.
Midsund kommune hadde per 31.12.2013 134.4 million kroner i lån i Kommunalbanken og 1
million kroner i lån i Husbanken til eigne formål.
34
I...,24,25,26,27,28,29,30,31,32,33 35,36,37,38,39,40,41,42,43,44,...132
Powered by FlippingBook