Fjellposten nr 2 2014 - page 36

36
Runde fyr
Av Oddbjørg Remøy
I sommar har det vore stor aktivitet på Runde fyr. I
tillegg til alle dei som har overnatta, og dei som har
vore på dagsturar i fineveret, har 4-6 mann vore
i sving med utvendig restaurering av dei gamle
steinhusa frå 1826 – bustadhuset, kollageret og ut-
huset. Runde fyr vart freda i 2001. Det er såleis
strenge reglar for kva arbeid som kan utførast på
bygga, korleis det kan gjerast – og kven som kan
gjere det.
Det vart firma Bioconsult AS frå Trondheim
som fekk oppdraget. Kystverket opplyser at kostna-
dane vert på om lag 3 mill. kroner. Arbeidarane
kjem frå Litauen, og dei kan tydelegvis handverket
sitt! Vergudane har vore på deira side, strålande sol
og vindstille mest kvar einaste dag.
Det har gjort både arbeidet og transport av ma-
teriale og utstyr med båt, enklare.
Dersom det vert løyvd midlar, og gitt løyve frå
fredingsmyndigheitene, er planen å ta dei andre
bygga, hovudhuset, naustet og smia, til neste som-
mar.
Samstundes som arbeidet har gått føre seg og
arbeidarane har hatt opphald der, har turisthytta
vore open som vanleg. Det har gått godt, både ÅST
sine gjestar og arbeidarane har tilpassa seg kvaran-
dre på ein fin måte.
1...,26,27,28,29,30,31,32,33,34,35 37,38,39,40
Powered by FlippingBook