Årsrapport 2013 - Midsund kommune - page 2

Einar Øien
Ordføraren sin kommentar
Årsrapporten har i si form og innhald blitt eit viktig oppslagsverk
som gir oss omfattande informasjon om kommunen si verksemd
gjennom året. Gjennom årsmeldingane frå dei ulike einingane får
vi som politikarar viktig historiske fakta, som saman med
økonomiplana i kommunen og andre planverk er med på å leggje
grunnlaget for den vidare politiske aktiviteten i arbeidet med å
utvikle tenestetilbudet i kommunen og gjere Midsund til ein
attraktiv bu-og arbeidskommune.
I 2013 vart det halde 8 kommunestyremøte og 87 ordinære saker
vart behandla. I tillegg til dei 17 faste representantane har 16 av
vararepresentantane møtt ein eller fleire gongar.
Utval for helse og omsorg og utval for oppvekst og kultur har hatt ein auke i talet på saker.
Det ser ut som om utvala har funne si arbeidsform.
Vi har lagt bak oss to heile driftsår med Samhandlingsreforma. Erfaringa så langt tyder på at
vi har takla utfordringane med utskrivingsklare pasientar, sjukehusinnlegging og det
førebyggande folkehelsearbeidet på ein tilfredstillande måte til beste for våre innbyggjarar.
Midsund kommune skal anten åleine eller saman med andre kommunar innan 2016 ha
etablert eit tilbod om øyeblikkeleg hjelp. Her vil det nok for vår kommune vere eit alternativ
med samarbeid med andre kommunar.
Samferdselsspørsmål har skapt engasjement og debatt dette året og der Møreaksen med
arm til Gossa har vore på sakskartet. Status for Møreaksen er at kommunedelplan er
godkjent i alle dei fire deltakarkommunane.
Formannskapa i Aukra og Midsund har hatt eit felles møte der ein diskuterte vegen mellom
Otrøya og Gossa i tillegg til dette med kommunesamarbeid/kommunesamanslåing når
sambandet er på plass.
Myratun vart opna hausten 2013 med 8 bustadar der Midsund kommune har investert ca.
22,5 mill. kroner.
Utvikling av Midsund sentrum har lenge vore tema der Antonbua ikkje lenger var med i
kommunen si godkjende reguleringsplan. Det vart utlyst ein idekonkurranse der ein jury
peika ut 3 arkitektfirma som var med i konkurransen. Ved oppheving av det midlertidige
fredingsvedtaket av Antonbua, vil sikkert noko av dette materialet kunne brukast.
Midsund kommune vedtok å bli med på samarbeidsavtale for interkommunalt IKT-samarbeid
– ROR IKT. Det vart og fatta vedtak om å gå inn i samarbeid med Molde kommune
vedkommande skatteinnkrevjinga.
Ein har og signert avtale om å delta i felles politiråd for kommunane som tilhøyrer Sund
lensmannskontor.
Folketalet har dei siste åra vist ein jamn auke der vi ved slutten av året kunne registrere 2036
midsundingar – ein auke på 1,3%.
2
I,II,1 3,4,5,6,7,8,9,10,11,12,...132
Powered by FlippingBook