Årsrapport 2013 - Midsund kommune - page 6

Rekneskap 2013
Rekneskapsprinsipp
Midsund kommune fører rekneskapen etter dei kommunale rekneskapsprinsippa nedfelt i
kommunelova § 48 og rekneskapsforskrifta § 7. Kommunerekneskapen er
finansielt
orientert
, og skal vise alle økonomiske midlar tilgjengelige i året og bruken av dei.
Anordningsprinsippet
betyr at alle kjente utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar i
året som vedkjem kommunen si verksemd skal gå fram av drifts- eller
investeringsrekneskapen i året enten dei er betalt eller ikkje.
Driftsrekneskapen viser driftsutgifter og -inntekter i kommunen og resultatet av dei i året.
Investeringsrekneskapen viser kommunen sine utgifter i samband med investeringar, utlån
med vidare, samt korleis desse er finansiert. Vidare er rekneskapen ført etter
bruttoprinsippet
. Det betyr at det ikkje er gjort frådrag i inntekter for tilhøyrande utgifter og
heller ikkje frådrag i utgifter for tilhøyrande inntekter.
Rekneskapen er utarbeidd i samsvar med god kommunal rekneskapsskikk og dei
kommunale rekneskapsstandardane (KRS) av forening for god kommunal rekneskapsskikk
(GKRS).Som følgje av endringar i forskrift om årsrekneskap og årsmelding, skal endring av
rekneskapsprinsipp førast mot eigne eigenkapitalkonti.
Organisering av kommunens verksemd
Kommunen driv det meste av si verksemd innanfor eigen organisasjon, men har organisert
noko av verksemda i interkommunale samarbeid etter KL § 27 som legg fram eigne
rekneskap.
Kommunen er med i RIR IKS, Kommunerevisjonsdistrikt nr 3 IKS, Sunnmøre
kontrollutvalssekretæriat IKS, Interkommunalt arkiv IKS, Molde og Romsdal hamn IKS,
GassROR IKS og Molde og omegn krisesenter IKS. Vi har ein fast abonnementsplass på
Tøndergård skole og vi samarbeider med Molde kommune om skatterekneskap og med
Ålesund kommune om arbeidsgjevarkontroll.
6
I,II,1,2,3,4,5 7,8,9,10,11,12,13,14,15,16,...132
Powered by FlippingBook