Årsrapport 2013 - Midsund kommune - page 3

Kommunestyret vedtok ei oppgradering av kommunale føremålsbygg/kommunale vegar med
4 mill. kroner i 2014 og det same i 2015.
I Midsund kommune har vi vore gjennom ein snuoperasjon gjennom dei siste to åra der vi
etter kvart har oppnådd god økonomistyring i dei fleste einingane, noko som gjer at vi kan
starte prosessen med å bygge opp disposisjonsfondet.
Arbeidet i kommunestyret har vore prega av konstruktivt samarbeid og som årsrapporten
viser så er det mykje å glede seg over i Midsund.
Ordføraren vil til slutt nytte høvet til å takke politiske kollegaer, dei tilsette i kommunen,
næringslivet og alle eldsjelene i frivillige lag og organisasjonar som står på for at Midsund
skal være ein kommune der vi alle trivast og ha det bra. Det er artig å vere ordførar i ein
kommune med så mange dyktige og engasjerte folk!
Einar Øien
Ordfører
3
I,II,1,2 4,5,6,7,8,9,10,11,12,13,...132
Powered by FlippingBook