Årsrapport 2013 - Midsund kommune - page 4

Ketil Ugelvik
Rådmannen sin kommentar
2013 har vore eit aktivt og utfordrande år for Midsund kommune.
Kravet til kommunal sørvis og tenesteproduksjon aukar for kvart år.
Rekneskapen for 2013 viser eit brutto driftsresultat på 8,7 million
kroner og eit netto driftsresultat på 6,2 million kroner.
Rekneskapsmessig mindreforbruk er på kr 2.650.594,-.
Ser ein nærare på drifta finn ein variasjonar; politikk,administrasjon
og helsetenester viser meirforbruk, medan barnehagane,
grunnskulane, kulturskulen og vaksenopplæringa, sjukeheimen,
heimebaserte tenester og teknisk kjem ut med mindreforbruk.
Finansområdet syner eit mindreforbruk på 1,6 millionar kroner.
Budsjettdisiplinen har blitt betre. Formannskap og kommunestyre
har fått jamlege rapportar om økonomisk utvikling og sjukefråvær.
Sjukefråværet er på 5,6 %, dvs nærværet er på 94,6 %. Ein auke på 1,8 prosentpoeng frå
året før.
I februar var planleggjar på plass i rådmannen sin stab og vi har starta opp planarbeid innan
mange område. I 2013 har det og vore utskifting av fagpersonar både i
sentraladministrasjonen, på teknisk og ute i einingane. Vanskar med å skaffe vikarar og
fagfolk er ein av grunnane til at fleire einingar kjem ut med mindreforbruk. Ein konsekvens er
at det vert meirarbeid og ekstra slitasje på andre.
Midsund kommune har ein relativt høg lånegjeld, og vi har mangla midlar til å møte
uføresette utgifter med. Balansering av økonomiplanen viser kor sårbare vi er.
Kommunen har i ei årrekkje slite med ein ubalanse mellom inntekter og utgifter. Mangelen på
driftsfonds har forsterka denne situasjonen. Vi må få avsett midlar i budsjett og økonomiplan
slik at vi får bufferar og gjennom det skaffe oss større handlefridom. Fokuset på
økonomistyring må framleis vere ei prioritert oppgåve.
Andre året av Samhandlingsreforma har gått greitt for kommunen. 2013 var prega av stort
engasjement og fokus på interkommunalt samarbeid; mykje tid og ressursar gikk med til
arbeidet med Forprosjektet i ROR-regi, etableringa av ROR IKT vart sluttført og selskapet
vart formelt sett i verk frå 1.1.2014. Det interkommunale samarbeidet om planlegging av
sjøarealet I Romsdalsfjorden pågikk i heile 2013. Frå 01.10.2013 tok Molde kommune over
skatteoppkrevjarfunksjonen gjennom eit vertskommunesamarbeid.
I juni tok vi i bruk Myratun, bygget vart offisielt opna i oktober. Bygget ser ut til å fungere på
ein god og tenleg måte. Forventningane og arbeidsoppgåvene til teknisk har vore større enn
kapasiteten. Det lokale næringslivet har eit godt år bak seg. Folketalet aukar og ved
årsskiftet budde det 2036 personar i kommunen. Stor aktivitet og vekst speglar seg og i
krava som vert stilt til kommunen.
Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar eller nestenulykker i 2013.
Eg vil takke alle medarbeidarane for vel utført jobb. Vidare vil eg takke ordførar, medlemmar i
kommunestyre/formannskap og andre politiske utval for godt samarbeid. Ein takk og til
tillitsvalde for konstruktivt samarbeid.
Midsund i april 2014
Ketil Ugelvik
-rådmann-
4
I,II,1,2,3 5,6,7,8,9,10,11,12,13,14,...132
Powered by FlippingBook