Background Image
Previous Page  4 / 16 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 4 / 16 Next Page
Page Background

Av Ståle Aklestad

Vi møter fotograf Andreas Winter på

bakeriet Fole Godt tidleg ein morgon.

Han er frå Molde og bur for tida i Oslo,

men har mange oppdrag i Molde. Det

er ein roleg morgon på bakeriet, og

Andreas sit med macen framfor seg og

er allereie i gang med arbeidsdagen.

Ei historie

Idet eg møter Andreas har eg filmen

«Jordens Salt» friskt i minne, ein film

om fotografen Sebastiao Salgado og

hans dokumentasjon av menneska og

jorda. Salgado beskriv seg sjølv som ein

historieforteljar, ikkje ein kunstnar, og

eg spør kven Andreas er som fotograf,

kva han er oppteken av å formidle.

– Å ta bilete er på mange måtar livet

mitt, byrjar Andreas. – Eg berre må ta

bilete, det er ein slags indre driv. Eg er

oppteken av dei ekte augneblinkane,

utan for mange tilgjorte effektar. Biletet

som formidlar situasjonen slik den var.

Eit godt bilete fortel ei historie. Eit bilete

av havet er eit godt bilete når havet

blir meir enn det konkrete havet. Då

Andreas Winter har fanga Ystetind og Trolltind

i eit spesielt lys. Det er ei stor stillheit i biletet,

og noko aude og karrig – ei førjulstemning.

Intenst desemberlys

Vi er midt i adventstida. Året er snart på det mørkaste, og det blå lyset ligg over byen. Kva

er det med dette lyset? Kvifor vert lyset så viktig for oss når det er så lite av det?

4