Background Image
Previous Page  5 / 16 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 5 / 16 Next Page
Page Background

5

dokumenterer eg ikkje berre, eg fortel ei

forteljing, formidlar ei stemning.

Intuisjon

Salgado har også sagt at han ikkje trur

fotografar har ein eigen stil, men at ein

har ein måte å fotografere det som er inni

ein på. At det som allereie er der kjem ut.

– Eg er heilt einige i det, seier Andreas.

– Du legg ditt syn inn i biletet, dine

følelsar, dine tankar. Det er innanfrå du

får dei ekte bileta. Og det er veldig viktig

å høyre på denne indre stemma.

Andreas fortel at han sjeldan planlegg i

detalj når han er ute og fotograferer. Det

handlar mykje om intuisjon.

– Eg kan reise til eit område eg synest

er spennande, og så får eg kanskje ei

slags kjensle av det gode biletet. Eg ser

noko som rører meg, og eg ser for meg

eit bilete i hovudet. Spørsmålet er ofte

om eg greier å fange det biletet eg ser i

hovudet gjennom kameraet.

Å skrive med lys

Året er snart på sitt mørkaste no, dagane

vert kortare og kortare.

– Lyset betyr alt, seier Andreas. – Kva meir

kan eg seie? Det ville berre vere å bruke

fleire ord på å seie det same. Å foto­

grafere tyder trass alt å skrive med lys.

Det stemmer at dagane vert kortare og

at lyset forsvinn meir og meir, men lyset

vert også på mange måtar meir og meir

intenst og mektig. Sola står lågt, men det

lyset den gjev, har ein anna…kvalitet.

Generelt er det fantastisk lys her i vest,

men det er noko spesielt no om vinteren.

Desemberlyset

– Kva betyr desemberlyset for deg som

person og for deg som fotograf?

Andreas Winter.