Previous Page  6 / 16 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 6 / 16 Next Page
Page Background

Av Ståle Johan Aklestad

Prosesjonen byrjar bevege seg stille

fram midtgangen i kyrkja. Tre gongar

stoggar dei på vegen, tre gongar syng

forsongaren akkurat dei same orda, og

tre gongar svarar kyrkjelyden det same,

berre ein halvtone høgare kvar gong. Så

skjer det. Det store Kristuslyset vert plas­

sert framme i koret, og ut frå det er det

som ei bølgje av lys breier seg i kyrkja.

For medan forsongaren og kyrkjelyden

byrjar synge den eldgamle påskelovson­

gen, vert flammen delt og delt igjen, og

ansikt etter ansikt trer fram frå mørkret

heilt til ljoset frå hundre lys fyller kyrkja.

Slik startar påskenattsmessa, guds­

tenesta som vert feira om kvelden

påskeaftan. Gudstenesta som frå gam­

malt av vart kalla «alle messers mor».

«Kven er det som ikkje vil gje avkall på

søvnen denne natta?» skreiv Efraim

Syreren om julenatta. Og vi kan seie det

same om påskenatta. Vi har snakka med

Magnus Moksnes Myhre, domkantor

i Molde Domkirke, om kva som skjer i

denne påskenattsmessa.

Frå mørker til lys

-Dette er ei av dei mest spesielle guds­

tenestene i året. Ein merkar så tydeleg

på kroppen denne vandringa frå mørker

til lys. Den startar med eit enkelt lys, og

frå det breier lyset seg i kyrkjerommet.

Ein ser at lyset spring ut av eit enkelt

lyspunkt. Dette er kanskje den viktigaste

gudstenesta i året for å forstå vandringa

frå død til oppstandelse, meiner Magnus

Moksnes Myhre.

- Du seier at ein merkar det på kroppen?

-Eg trur at noko av funksjonen til liturgi­

en er å hjelpe oss å erfare evangeliet på

kroppen. Dersom vi skal forstå evange­

liet, så må vi kjenne det med kroppen,

ikkje berre med hovudet. Og nettopp

dette er så tydeleg i påskenattsguds­

tenesta. Lysa vi held i hendene, den

eldgamle påskelovsongen, den bølgjan­

de musikken, pyntinga av kyrkja som

startar medan det enno er mørkt, dei

fem raude rosene på krossen vert bytte

ut med gule påskeliljer, det nakne alta­

ret som igjen vert dekt og pynta med

blomar. Alt dette som gjer at gudstene­

sta vert noko ein kan sanse.

Nedstiging og oppstiging

- Du snakkar om påska som ei vandring,

og som ei nedstigning og oppstigning. Kva

meiner du med det?

- Eg tenkjer det er ingen andre gongar i

løpet av kyrkjeåret der det er så tydeleg

at ei gudsteneste er meir enn ei guds­

teneste. Desse gudstenestene i påska

heng saman, og det er noko veldig

spesielt med å vere der gjennom det

heile. Nedstigninga og avdekkinga av

altaret skjærtorsdag. Langfredag sitt

djupe mørker. Påskenatta, denne under­

fulle natta der Kristus står opp frå grava.

Påskenatt

6