Previous Page  7 / 16 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 7 / 16 Next Page
Page Background

Det er heilt mørkt i kyrkja.

Forsiktig finn folk plass i

benkane. Forventning ligg i

lufta. Så bryt ei stemme stilla.

«Jesus Kristus er i går og i dag

den samme, ja til evig tid.

Han er Alfa og Omega, den

første og den siste, begynnelsen

og enden. Ham tilhører ære nå

og i all evighet. Amen.»

Og til slutt påskemorgon, den store

festen. Men det er påskenatt sjølve

underet skjer. Det er der oppstigninga

startar. Og eg trur gudstenesta vil røre

aller sterkast dersom ein har fylgt guds­

tenestene gjennom påska, dersom ein

først har vore nede på djupet.

- Korleis er musikken i kyrkja i påska?

Musikalsk er påska ei tydeleg nedbyg­

ging og oppbygging. Frå skjærtorsdag

tek påskeforteljinga ei alvorleg vendig,

og i musikken vil ein merke det på ei

spenning, noko ufullendt. Så stig vi ned

på djupet langfredag, då er det nesten

ikkje musikk i det heile. Så kjem påske­

natta, og vi startar oppbygginga igjen.

Og påskedag slepp vi det heile laust

med trompetar og full blåserekke.

Improvisasjon

- Du er kjend for å improvisere på orgelet

i domkyrkja. Kor mykje improviserer du

påskenatt?

– Mykje, svarar Magnus. – Store delar av

denne nedbygginga og oppbygginga

er improvisasjon. På førehand har eg

gjerne arbeidd fram nokre musikalske

motiv eg vil bruke. Men når det kjem til

stykket, handlar det mykje om ei kjensle

eg får. Det er ei merkeleg blanding av å

vere djupt konsentrert om spelinga og å

være tilstades i eit landskap.

I tussmørkret

-Du har også tidlegare sagt at du gjerne

ser for deg eit konkret landskap når du

improviserer; ein djup granskog, eit stille

fjellvatn. Korleis ser landskapet du bevegar

deg i påskenatt ut?

Ja, det stemmer det. Eg ser ofte for meg

landskap. I liturgisk musikk, og kanskje

særleg i improvisajonen, er gudstensta

ein stad i evangeliet. Eg prøvar å være

der forteljinga er. Og denne natta er eg

nok i tussmørkret utanfor grava tidleg

om morgonen. Eg tek på ein måte att

temaet der eg slapp det skjærtorsdag – i

det spennigsfylte og uforløyste – men

no skal det bli forløyst.

Vendepunktet

- For mange er påska ferie, men i kyrkja

er dette ei av dei mest intense periodane i

året. Korleis er det å nærme seg påska som

kantor?

Påska er heftige saker. Den er svært

krevjande og svært gjevande. Ein blir så

følelsesmessig involvert. Kanskje har dei

fleste av oss hendingar i livet der noko

har vore for seint, eller der ein har håpa

at noko ikkje skulle vere sant, men veit

at det er det. Påskenatta er det ultimate

vendepuntet. Der det som eigentleg

ikkje går an, skjer likevel, avsluttar

Magnus.

Det er påskenattsgudsteneste i både i

Molde domkirke påskeaftan og i Røbekk

Kirke påskeaftan.

For domkantor Magnus Moksnes Myhre er påska i kirka ei heilt spesiell oppleving.

7