Previous Page  5 / 16 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 5 / 16 Next Page
Page Background

ut i ferien

Moderne fenomen

Ferie er eit relativt moderne fenomen. I

alle fall i form av femvekesferien som er

sikra i ferielova. Det er ikkje lenger enn

eit par generasjonar sidan ferie for dei

fleste var ikkje-eksisterande. Dei fleste

land i verda har i dag ferie i form av

betalte feriedagar og offentlege fridagar,

og Noreg ligg om lag på gjennomsnit-

tet i antal feriedagar per år, fem veker i

tillegg til elleve offentlege fridagar. Men

i til dømes Kina er ferie ikkje eit krav,

og USA har heller ikkje noko offentleg

lovverk som krev at ein arbeidsgjevar

skal tilby verken lønna eller ulønna ferie

til ein arbeidstakar.

Religøst opphav

Men kor moderne er eigentleg ferie?

Ordet ferie kjem frå det latinske feriae,

og vart brukt om religøse festdagar der

ein ikkje dreiv handel og forretning. Og

dermed kan ein godt seie at ferien er like

gammal som den menneskelege sivilisa-

sjonen. At ferien alltid har eksistert i dei

aller fleste samfunn i form av dagar og

høgtider som var annleis enn vanlege

dagar.

Rytme

Det er spennande å sjå vekta forfattara-

ne av 1. Mosebok legg på denne grunn-

rytmen: Gud brukar seks dagar på å ska-

pe jorda og universet, og på den sjuande

dagen kviler han. Ein kan vel knapt

tenkje seg ein meir genial måte å sikre

sabbaten som kviledag i 7-dagersveka

enn gjennom denne grunnforteljinga

der rytmen vert kopla til sjølve skapinga,

og som er plassert heilt i byrjnga av Den

heilage skrifta. Men ikkje berre mennes-

ka, også jorda skulle ha ferie i det gamle

Midtausten. Kvart sjuande år skulle vere

eit sabbatsår, då all dyrka jord skulle

kvile og vintrea ikkje skulle beskjærast.

Og kvart femtiande år skulle det vere

jubelår. Då skulle fangar få fridomen

attende og gjeld ettergjevast, ein byrja

på mange måtar på nytt.

Ferie som utpust

Ei eller anna form for offentleg veksling

mellom arbeid og høgtid eller ferie har

altså fylgt dei fleste kulturar heilt frå star-

ten. Kvifor treng vi dette? Kanskje er fe-

rien mennesket sin utpust. Kanskje ligg

det noko heilt grunnleggjande i denne

vekslinga mellom innpust og utpust. Ein

rytme, som dønningane på havet. Som

er naudsynt for at vi skal halde oss i live.

Ferie i kyrkjehistoria

«Han delte tida si mellom dei som hadde

bruk for han og hans eige behov for kon-

templasjon og stille.» Dette vart sagt om

Frans av Asissi, som levde nettopp slik. I

ein rytme der han veksla mellom arbeid

og ferie, dersom vi kan kalle det det. Ei

periode med hard innsats for fattige og

trengjande saman med munkebrørne,

etterfylgt av ein periode der han trekte

seg attende i bøn og meditasjon. Inn-

pust og utpust.

Var Jesus på ferie?

Det er mogeleg vi trekkjer det langt ved

å seie at Jesus var på ferie, men Jesus var

i alle fall jøde, og få folkeslag har så sterk

tradisjon for å feire høgtider som jødane.

Vi veit at Jesus feira påska saman med

foreldra i Jerusalem då han var tolv år

gammal, og vi har all grunn til å tru

at Maria og Josef og familien feira dei

jødiske høgtidene etter skikk og bruk. Vi

veit også at Jesus ved fleire høve trekte

seg attende for seg sjølv for å be, ofte

oppe i fjellet. Mellom anna i forteljinga

då han mettar 5000 menneske som

fylgjer etter han idet han eigentleg er på

veg for å trekkje seg attende. Nemnde

nokon å bli forstyrra i ferien?

Ferie med godt samvit

Det verkar altså som vi kan glede oss

over ferievekene våre med godt sam-

vit. At det er mykje god helse i ferie

som har rytmen, utpusten i seg. Og at

denne kjensla vi søkjer frå barndommen

kanskje verkeleg har i seg det vi ynskjer

å finne attende til. Utan bekymring. Den

åttande dagen. Æva i oss.

Av Ståle Johan Aklestad

Nordmenn har sommarferie på mange ulike

måtar. Sørg for god utpust i ferien.

5