Einingsleiar Jonas Storvik
Raknes skule
Raknes skule har 83 elevar fordelt på 5 klassar i 1. – 4.
klassetrinn og har 12 tilsette.
Skulen er fulldelt og ligg på utsida av Otrøya. Det flotte
nærområdet til skulen blir nytta til turar og uteskule.
Gapahuken er basen for leik og læring. Sjø, fjøre, myr og skog i
nærområdet blir nytta i undervisninga.
Raknes skule har eit variert SFO-tilbod. Maks tilbod frå 07.30 til
16.30 kvar dag. Drop-in til timepris.
VISJON RAKNES SKULE - Trivsel, tryggleik og kunnskap
PALS-skule
. Raknes skule er ein PALS-skule. Står for Positiv åtferd, støttande læringsmiljø
og samhandling. Ein PALS-skule arbeidar for eit trygt og positiv læringsmiljø med klare reglar
og konsekvensar
Hovudfokuset i PALS er ros og annerkjenning, og ha klare reglar og konsekvensar.
VFL – Vurdering for læring
Raknes skule og Midsund skule er med på eit prosjekt saman med skulane i Molde:
Vurdering for læring.
Set fokus på å auke læringsutbyttet.
Implementeringsplan :
Vurdering for Læring er ein arbeidsmetode som fokuserer på læringsarbeidet.
Det er fire prinsipp for vurdering for læring:
1. Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei.
2. Elevane skal ha tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller
prestasjonen.
3. Elevane skal få råd om korleis dei kan forbetre seg.
4. Elevane skal være involvert i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid
og eigen fagleg utvikling
Respekt
Ansvar
Omsorg
55