Dansegruppa Jazzdans 1.- 4. klasse på
sommaravslutninga til kulturskulen juni 2013
Positive opplevingar
Vi starta opp med dans som eit fast tilbod i kulturskulen, og fekk knytt til oss danselærar
Maria Ryther Hoem, som er tilsett ved Operaen i Kristiansund.
Svært vellukka knivkurs med instruktør Leif Nøsen frå Molde
God oppslutning på drill (jenter3. og 4. klasse), og flott «oppvisning» i lag med korpset på
17. mai
Gryande oppstart av aspirantkorps med 9 deltakarar.
Innkjøp av administrasjonsprogram vil lette kvardagen for rektor,lærarar og elevar.
Utfordringar for eininga
Nok egna lokalar for undervisning, og kontorlokalitetar for tilsette. Mangel på lokale gjer
det vanskeleg å legge opp fellestid for planlegging og samhandling for tilsette på dagtid.
Få eit breiare tilbod i kulturskulen. Vi ønskjer å ha fast tilbod i musikk, dans, drama,
visuell kunst og skapande skriving.
Lage fagplanar og overordna målsettingar for kulturskulen.
Auke formell kompetanse hos dei tilsette.
Statistikk
Brukarar
2011
2012
2013
Ca 90
93
135
Bemanning
2011
2012
2013
Tal på tilsette
5
5
5
Tal på årsverk
Ca 2,4
2,4
2,35
Permisjonar
2011
2012
2013
Dager
0
0
0
Sjukefråvær ( %)
2011
2012
2013
Eigenmelding (1-8 dagar)
0,2
0
0
Bedriftsbetalt (9-16 dagar)
0,9
0
0
Trygdebetalt (17 dager-1 år)
3,9
0
1,2
Totalt fråvær
5,0
0
1,2
Deltakarar og produkt etter 10 vekers knivkurs
hausten 2013. Instruktør: Leif Nøsen frå Molde (nr. 2
frå venstre)
63