Netto driftsutgifter per innbygger
Generelle kommentarar:
Tabellen netto driftsutgifter per innbyggjar fortel at vi bruker meir enn kommunegruppe 5. Litt
meir enn fylket og litt mindre enn landssnittet til barnehage.
Ser ein nærare på tabellen kvalitetsindikator,vil ein sjå at våre barnehagar har opningstid på
over 10 timar per dag. Deler ein utgiftene per time, vil ein sjå at barnehagane vert drivne
rimeleg.
Kommunale og ikkje-kommunale barnehagar:
Nasjonalt er ca 50 % av barnehagane i
Norge private. Midsund kommune har ikkje private barnehagar. Private barnehagar får
tilskuddssatsar tilsvarande ca 92 % av kommunens utgifter til barnehagar (2013 tall). Det gjer
at barnehagar med stor andel av private barnehagar får lågare utgifter for barn i alderen 0-5
år.
Aukra, Gjemnes, Fræna, Molde, Nesset har private barnehagar. Fræna har ein betydeleg
andel av barnehagane som er private. Eide har kommunale nybygg i same byggeperiode
som oss. Aukra har 2xkommunale nybygg i 2014, og held på med planlegging av eit til i
2016/2017. Sandøy har kommunalt nybygg tatt i bruk august 2013. Gjemnes, Fræna og
Nesset har ikkje nye kommunale barnehagar.
Styrka tilbod til førskulebarn
:
Midsund har svært lite utgifter til barn med spesielle behov,
211. Vi har varsla at vi ser at dette kjem til å auke med åra. Vi har fleire barn som går i
barnehage, og ein avdekkjer i dag meir i tidleg alder. Barna har generelt blitt yngre i
barnehagen og bemanningsnorma har vore stabil, så det sei seg sjølv at ein ikkje får same
tid til å dekkje dei behov som ein kanskje kunne gjennom ordinær bemanning før
.
Netto driftsutgifter til barnehage gjekk ned med 5,6% frå 2012 til 2013, sjå kommentarar frå
einingane om innsparingar i drifta for 2013. Vekst i frie disponible inntekter for Midsund i
2013 var på om lag 2%.
Netto driftsutgifter per innbyggjar 1-5 år
går og noko ned i frå 2012 til 2013.
Viser til årsmelding frå einingane om
innsparingar i drift i 2013
72