Leif Arne Lagesen
Helse og Omsorg
Eining helse og omsorg består av 4 avdelingar med ein
einingsleiar og 4 avdelingsleiarar.
Helse -
Kommunelegekontoret, psykisk helse, helsesøster,
jordmor og fysioterapi.
Butenesta
- Lønn/Bøen (avvikla juni), Bukollektiv Myratun frå juni,
Bukollektiv ”Molde” og dagsentret ”Istadbygget” i Rakvågen.
Heimebasert omsorg
-Heimesjukepleien, heimehjelp, Prosjekt
Regnbuen, Prosjekt 12, Prosjekt 14, Aktivitetssenter, Fjordstua,
Høgda, avlastning og støttekontakt.
Midsund sjukeheim -
2 somatiske avdelingar for 16 pasientar,
inkl. 2 korttidsplassar, 1 skjerma avdeling for demente for 10
pasientar, kjøkken som produserer mat til sjukeheimen, men også
til personer som bur heime.
I tillegg har eininga ei merkantil teneste med 2 personar på til saman 0,75 stilling.
Hovudoppgåver
Etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. å særlig vektlegge
førebygging, behandling og tilrettelegging for å meistre sjukdom, skade og nedsett
funksjonsevne.
Sikre at den enkelte får muligheit til å leve og bu sjølvstendig og til å ha ein aktiv og
meiningsfull kvardag i fellesskap med andre.
Sikre tenestetilbodets kvalitet og eit likeverdig tenestetilbod. Samhandling og at
tenestetilbodet blir tilgjengeleg for pasientar og brukarar, samt å sikre at tilbodet er
tilpassa den enkeltes behov tilrettelagt med respekt for den enkeltes integritet og
verdigheit.
Bidra til at ressursane i heile helse- og omsorg blir best mulig utnytta.
Mål
Måloppnåing
Brukara
Arbeide med dei utfordringane
samhandlingsreforma
gir kommunen.
Aktiv deltaking i ROR sitt nettverk knytt til samhandlingsreforma.
Alle avtalar som er vedtatt i kommunestyret er blitt evaluert og
sendt over til politisk behandling.
Oppretthalde god kvalitet på alle helse- og
omsorgstenester
Tilbakemeldingar frå dei som får tenester er positive.
Fleire tilsette har fått auka kompetanse.
Sikre at brukarane får rett hjelp til rett tid og
innrette tenestene mot samhandlingsreforma.
Har ikkje hatt ventetid på tenester. Har klart å gi kort- eller
langtidsplass til dei som treng det.
Utnytte ressursane samla i eininga
Har arbeidet mykje med samarbeid mellom avdelingane.
74