Juleavslutning ved Midsund Sjukeheim
Utfordringar for eininga
Ulike demenslidingar er fortsett ei stor utfordring for omsorgstenesta og skjerma avdeling.
Det er behov for betre samordning av dei ulike deltenestene innan pleie- og omsorg for å
sikre god kvalitet og mangfald framover. Her må målet være å kunne gje gode tenester i
heimen slik at dei kan utsette institusjonsplass.
Fleire og fleire treng store og komplekse tenester framover. Dei som kjem på sjukeheimen i
dag er meir ressurskrevjande enn tidligare. Det gir dei tilsette mange utfordrande oppgåver
som krev auka kompetanse. Vi har ein person på vidareutdanning i geriatri og fleire personar
i helgestillingar som tek helsefag. Det er bra, men ein treng fleire inn på vidareutdanning for
å ha meir kompetanse tilgjengelig i kommunen.
Har over tid klart å få inn fleire med sjukepleier utdanning. Det er svært bra, men når fleire er
ute i permisjonar på same tid, byr det på utfordringar. Det gjeld å ha tilstrekkelig med
kompetanse til ein kvar tid. Her trengs det fleire sjukepleiar, som løysast med å endre ledige
fagarbeider/assistentstillingar til sjukepleiarstillingar.
Utfordring med å ha tilstrekkelige plassar til dei som treng skjerma plassar. Pr. i dag har ein
10 plasser for langtidsopphald. Utfordringa er at ein ikkje har korttidsopphaldsplass for dei
som treng skjerma opphald.
Statistikk
Brukarar
2011
2012
2013
Tal på sjukeheimsplassar
34
30
28
Bemanning
2011
2012
2013
Tal på tilsette
49
50
48
Tal på årsverk
32,65
32,92
29,73
Permisjonar (%)
2011
2012
2013
Barns sjukdom
0,1
0,2
0,3
Sjukefråvær ( %)
2011
2012
2013
Eigenmelding (1-8 dagar)
0,9
1,2
1,4
Bedriftsbetalt (1-16 dagar)
0,5
0,2
0,8
Trygdebetalt (17 dager-1 år)
3,1
7,0
3,9
Totalt fråvær
4,5
8,4
6,1
Kommentarar
Sjukefråværet har gått ned frå 8,4 til 6,1%. Det er ei kjempeflott utvikling
.
Juleavslutning
83