Årsrapport 2013 - Midsund kommune - page 91

Opning av Myratun bufellesskap
Har kjøpt tenester i ”Inn på tunet”, 1 dag fast i veka. Her har ein ”spart” ei dagvakt i veka med
å bruke Inn på Tunet, som har hatt stor verdi for alle som nyttar denne tenesta (alle i
Butenesta, Uloba, person på Tøndergård skule)
Positive opplevingar
Har fått eit nytt og svært tiltrengt sam lokalisering på Myratun.
Utfordringar for eininga
Det siste året har det vore fokus på å vere tilstade, gje den enkelte medarbeidar arbeid og
ansvarsoppgåver, brukarmedverknad og å betre kommunikasjonen mellom dei tilsette.Det er
sett fokus på fagleg utvikling for den enkelte og brukt mykje arbeid på å få myndiggjorte
medarbeidarar.
Det å arbeide med personar som har store åtferdsproblem er krevjande. Her blir det brukt
mykje ressursar pr i dag, ikkje minst for å trygge personalet. Det er gjort vedtak knytt til bruk
av makt og tvang. Det betyr at det må være 2:1 bemanning og at det må bli fleire tilsette med
høgskuleutdanning innan helsefag.
Det stillast langt større krav frå Fylkesmannen når det gjeld dispensasjon frå
utdanningskravet når det gjelder gjennomføring av vedtak etter kap 9 i den nye helseloven,
bruk av makt og tvang. Har enda for få personar med høgskuleutdanning i helsefag innan
Butenesta. Det må vidare blir lagt til rette for å tilsette personar med høgskuleutdanning.
Som skrevet, har ein hatt store utfordringar med utfordrande åtferd, lite tilgang på vikarar og
høgt fråvær. Mykje av dette forandra seg når ein etablerte seg på Myratun. Har fortsatt
utfordringar.
Har også noko utfordringar knytt til Istadbygget i Rakvågen. Har gjort ei evaluering der ein
konkludera med at det beste vil være å kjøpe bygget. I tillegg er det blitt vedtatt i
kommunestyret til budsjett 2013 å ta ut nytt Aktivitetssenter frå investeringsbudsjettet. Då vil
det være viktig å stille spørsmålet til Istad Kraft om dei er villig til å selje å kva pris dei vil
sette.
91
I...,81,82,83,84,85,86,87,88,89,90 92,93,94,95,96,97,98,99,100,101,...132
Powered by FlippingBook