Midsund sjukeheim
Avdelingsleiar Anette Hoel
Midsund Sjukeheim har 28 plassar, der 2 plassar er korttidsopphald, fordelt på tre
avdelingar. 10 av plassane er skjerma avdeling for aldersdemente.
Drifta ved sjukeheimen omfattar fleire enn bebuarane på Sjukeheimen. 20 bustadar er
tilkopla med sjukesignal.
Kjøkkenet, som er eit eige ansvarsområde, produserer mat til heimebuande,
samt kantineverksemd. Utkøyring av middagar er eit samarbeid mellom kommunen, frivillige
enkeltpersonar og Rotary.
Hovudoppgåver
Tenestene er heimla etter Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. Forskrift for
sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie.
rehabilitering med tanke på tilbakeføring til heimen
dagopphald, nattopphald, avlastning og terminal pleie
permanent opphald/langtidsplass ved somatisk avdeling og skjerma avdeling
for alders demente
Mål
Måloppnåing
Brukarar
Midsund kommune har tilstrekkeleg plassar med
heildøgns omsorgstilbod
I 2013 har ein klart å ta inn dei som treng
korttidsopphald ved sjukeheimen. Problemet har vore å
gje plass ved skjerma avdeling.
Omsorga blir gitt med utgangspunkt i brukarane sine
ressursar, slik at brukarane opprettheld sin integritet og
sjølvstende
LEON- prinsippet er gjennomført. Solstua 1,2,3
prosjekt er innført. Vidare satsing på
kompetanseutvikling av personalet.
Tenestene og kommunen som organisasjon utviklar seg
i takt med endringane i brukarbehova
Tenestene må differensierast og individuelt tilpassast.
Medarbeidar
Midsund kommune følgjer intensjonane i lov og
avtaleverk for å sikre kvalitative gode tenester
Fått på plass avvikssystem. Vi er godt i gang, men ein
del står igjen i høve internkontroll og utvikling av
prosedyrar. Etablert nettverk både eksternt og internt.
Komme i gang arbeidet med Omsorgsplan 2015
Det har ein ikkje starta med.
Behalde sjukefråværet på 2011 nivået.
Sjukefråværet har gått ned frå 8,4% i 2012 til 6,1% i
2013.
Økonomi
Halde vedtatt budsjett innan avdelinga
Det har ein klart med et lite mindreforbruk
81