Birgitta Hole
Gjerdet barnehage
Etablert september 2011 og held til i eit fleksibelt og universelt
tilpassa bygg som imøtekjem utfordringar i dagens barnehagar.
Vi har 5 aldersdelte avdelingar: Krabben, Kokkeluren,
Kråkebollen, Sjøstjerna og Blåskjellet. Barnehagen har også eit
stort uteområde og fleire turområder i nærmiljøet.
Hovudoppgåver
Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som gir barn gode
høve for leik og meiningsfylte aktivitetar.
Med utgangspunkt i lov om barnehagar og rammeplan for
barnehagen er drifta tilpassa til lokale forhold og vi har fastsett ei
årsplan for Gjerdet barnehage som viser kva vi arbeider etter og kva satsingsområde vi har.
Mål
Måloppnåing
Brukarar
Retten til barnehageplass skal bli innfridd.
Alle som hadde rett til plass fekk plass.
Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen
ivareta barna sine behov for omsorg, leik og fremme
læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
Den viktigaste ressursen for eit kvalitetstilbod for barna
er personalet og barna sjølve. Meir aldershomogene
grupper gjev større mulegheit for tilrettelagd læring og
utvikling. Nytt bygg og ny struktur gjev ny læring og nye
erfaringar. Gjerdet barnehage har fokus på vennskap
og deltaking. Gjennom det ønskjer vi å motverke
mobbing og styrke vennskap. Det har ikkje blitt
gjennomført brukarkartlegging i 2013, men vi
gjennomfører 2-4 foreldresamtalar i løpet av året.
Medarbeidarar
Midsund kommune yter framtidsretta tenester med
ansvarlige og motiverte medarbeidarar.
(Langtidsfrisk 2009)
Det vert årleg gjennomført medarbeidersamtalar.
Dispensasjonar medfører innsparing, men samtidig
redusert kvalitet på det pedagogiske arbeidet og
meirarbeid på andre. Nyare forsking viser ein klar
samanheng mellom det å gå i barnehage og deltaking
og kvalitet i det vaksne liv. Vi har systematisk
veiledning av personalet, med fokus på kvalitet i det
daglege arbeidet og for å løfte realkompetansen. Når
det gjeld formalkompetanse, har 5 assistentar delteke
på kompetanseløftet Kompass i regi av Høgskulen i
Volda. 2 assistentar tek barnehagelærarutdanning og
einingsleiar går nasjonal styrarutdanning.
Økonomi
Drifte barnehagen på best muleg måte ut frå dei
økonomiske rammene kommunestyret har tildelt
barnehagen i budsjett- og økonomiplanperioden.
Årlege kutt medfører at handlingsrommet vert redusert
med tanke på tiltak som kan heve livskvaliteten for
barn som treng ekstra oppfølging allereie i
barnehagen, eks. språkstimulering, veiledning av
føresette og atferdsregulering. Tidleg innsats gjev
sosialøkonomisk innsparing viser nyare forsking. Dess
tidlegare ein sett i gang tiltak, dess større effekt for
seinare deltaking i skule og yrkesliv.
68